Kom og sjå kva deltakarane på haustferiekurset har laga og lært!

I haustferien har ungdom deltatt på kurs i DJ´ing, graffiti og dans på Demo Linderud. No vil dei vise kva dei har lært!

+ Gjesteopptredenar av Fabian og Maria Lotus

Som to ekstra rosinar i pølsa, vil dansar Fabian Svegaard Tapia (kjend frå Battle-filmane, og skal spele Pinocchio i haust) og rappar Maria Lotus dukke opp. Fabian vil vise fram noko å strekke seg etter når det kjem til hiphop-dans, medan Maria Lotus vil dele ei låt frå det nye albumet sitt.

Arrangert av Demo Linderud (Deichman) og Det Norske Teatret.