Bakgrunnsartikkel

Rått og ufiltrert

Oddgeir Thune er denne hausten aktuell i Bestialitetens historie. Regissøren Ivica Buljan lovar "a crazy performance with a lot of sex and violence".

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Oddgeir Thune ler: - Det er eg ikkje ukjend med.

I fjorårets store HBO-serie Beforeigners spelte han rolla Navn ukjent, den første framvandraren frå steinalderen som spaserte naken rundt i sin fasjonable heim han delte med trofékona Hulefrue og dreiv det noko tvilsame sikkerheitsfirmaet CM Security. Her på teateret har han vist stort spenn i rolletolkingar, frå det meir eksperimentelle i Tusen takk teater og Mare, til dei meir rørande portretta av Faren i Dottera, Sveitserosten i Mor Courage og ein lysande Jonatan i Brørne Løvehjarte. Denne våren er det Bjørneboes utforsking av menneskenaturen som står på arbeidsplanen.

- Mitt forhold til Bjørneboe? Eg las han etter at kompisen min på vidaregåande heldt eit føredrag i klasserommet. Han var ein skolelei hiphopar som banka inn sin første seksar med den presentasjonen. Klart eg måtte undersøke kven denne forfattaren var, seier Oddgeir.

I år er det 100 år sidan ein av dei mest markante og særprega forfattarane i norsk etterkrigstid blei fødd. Jens Bjørneboe var kulturradikalaren, opprøraren og den anarkistiske riksmålsmannen som utfordra offentlegheita i samtida. I jubileumsåret blir hovudverket hans, Bestialitetens historie med vekt på det andre bindet Kruttårnet, dramatisert og sett i scene av kroatiske Ivica Buljan på Scene 2. Han var sist noregsaktuell med Den siste kongsfesten våren 2018, ein festival av ei framsyning som sette store krav til skodespelarane – og publikum. Oddgeir Thune spelte den gongen ei sentral rolle, og sveitta, slost, drakk og herja seg gjennom den bølgjande og kaotiske natta der denne festen spelte seg ut. No er han i større grad budd på kva som ventar.

Oddgeir Thune som spøkelse i Den siste kongsfesten. Foto: Siren Høyland Sæter

- Haha, ja, Ivica Buljan har sin eigen metode. Han er jo ein anerkjend regissør som gjer oppsetjingar i mange land på ulike språk. Nytt ensemble, nye forståingar overalt dit han kjem. Men for å gripe det uhandgripelege må vi gå fysisk og praktisk til verks.

For Oddgeir Thune var prosessen med Den siste kongsfesten både ny, spennande og prega av kontrollert spontanitet.

- Vi arbeidde oss gjennom stoffet, scene for scene, situasjon for situasjon. Ivica var nysgjerrig, ville ha oss inn i diskusjonar rundt filmar, bøker, kunst og musikk. Referansar var viktige, og vi skulle ut av våre konvensjonar og inn i hans tankeverd. «Lag ein konsert.» «Ein festival.» «Eit lågbudsjettbordell frå før første verdskrigen.» «Ein slåstkamp.» Alt dette måtte sitte før vi starta med manus. Han ville ha spontaniteten frå den fysiske situasjonen over i spelescenane.

Både kostyme og spelestil var ganske outrert i Den siste kongsfesten. Publikum sjølve blei inviterte inn både til dans, pølser og vin. Foto: Siren Høyland Sæter.

Sjølv om skodespelarane var uvande med metoden, det fysiske, tunge arbeidet og den utagerande tonen, så vaks det fram eit fellesskap som etter kvart tok over Scene 2. Dei arbeidde med eigne grenser, med fortrulegheit, tillit og mot. Dei støtta kvarandre og bytta på å spele ulike instrument i det Balkan-inspirerte bandet som aldri sleppte stemninga i rommet. Dei henta fram kjensler, styrke og eit samspel som skapte noko heilt særeige for dei som fann vegen til teatersalen. Eit univers dei delte med alle som sat i salen og som enda i eit hemningslaust dansegolv der brorparten av publikum kasta seg inn i rytmane. Og der nokon kritikarar skamroste innsatsen og opplevinga, stilte andre seg tvilande til metoo-stempelet på framsyninga. Dette var ikkje mennesket slik det bør oppføre seg. Her låg drifter og instinkt og pressa på under ei tynn skorpe av normalitet.

- Det er vel her ein kan trekke nokon parallellar mellom Den siste kongsfesten og Bestialitetens historie, seier Oddgeir. - Det handlar vel om den evige runddansen vi menneske er del av. Sist forsøkte vi å gripe ei form for tidsforståing. Den siste kongsfesten blir tolka som eit verk som ser inn i kula og føreseier første verdskrigen. Litt sånn; her er vi no, kva kjem til å skje? Og så skjer det dei mest usannsynlege ting. Ein mann er daud, han vaknar til liv igjen, får ein ny sjanse og daudar på nytt. Det vi ikkje trur kan skje, skjer. Og det gjentar seg. Alliansar skiftar, vennskap blir brotne, tilbaketrekking og aggresjon, flørt med det farlege – alt dette som vi veit vi ikkje skal late oss inn på, men som likevel skjer. Over alt. Heile tida. På personlege plan og på nasjonale plan. Det kjem nye retningar, nytt håp og nye makthavarar. Og trass i ønsket om det gode, vil det dra seg til. Det blir mørkt. Og stygt.

Oddgeir Thune ser fram mot å samarbeide med den kroatiske regissøren på nytt. Foto: Siren Høyland Sæter.

Kruttårnet er Bjørneboes kanskje mest anarkistiske verk. Vi møter protokollføraren frå den første romanen i serien, Frihetens øyeblikk, som no har funne seg jobb ved eit sinnssjukehus i Frankrike. Der lever han eit betre liv, men er framleis plaga. Skildringa av historias vondskap kjem gjennom ei rad føredrag som blir haldne på institusjonen. Bjørneboe er her ein tydeleg kritikar av vitskapen. Kontrasten er slåande når det kjem til vår innsikt i verkelegheita, at vi kjenner naturlovane, men ikkje forstår kaoset i mennesket sjølv, i naturen vår.

- Religionar og ideologiar kan ha dei beste intensjonar, og likevel endar dei opp i brutalitet og undertrykking. Det ligg visst i menneskets natur, seier Oddgeir Thune.

- Det er ei form for utstudert, pedantisk og vitskapeleg kontrollerbar tortur som blir skildra i Kruttårnet. Der vi førre gongen arbeidde i no-situasjonen, skal vi her inn i gjenforteljingar, statistikk og sekundærkjelder. Det blir garantert annleis, men kanskje like heftig. For det er vel inga kunstform som klarer å uttrykke det som strengt tatt ikkje er mogleg å formidle, med same kraft som teateret. Det gjeld å ha is i magen. Det fell nok på plass denne gongen også. Men kanskje ikkje før rett før premieren, seier Oddgeir Thune og gliser.