Beaivváš har skapt en teaterklassiker

NRK Troms

Noen ganger treffer kunsten deg så du blir målløs. Beaivváš i ny japansk/samisk skikkelse treffer klokkerent

Finnmark Dagblad

Vakkert og poetisk om livet og det å følge draumen.

Det Samiske Nasjonaleatret framfører tekstar og joik frå det einaste teaterstykket den samiske multikunstnaren Nils Aslak Valkeapää rakk å skrive; Den Rimhåra og Draumesjåaren. Hovudmotivet i Valkepääs tekstar er kjærleiken, han plasserer evna til å elske som det heilt sentrale hos mennesket. Respekt og sjølvrespekt kjem gjennom ho. Ein må lære å elske, også seg sjølv, for å kunne elske andre.

Verda treng kjærleik

Ein ung reingjetar følger reinflokken. Når han slår seg til ro for natta og somnar, får han besøk av ein eldre mann med kvitt, rimete hår. Den gamle mannen ber den unge reingjetaren om å opne sansane og søke styrke og visdom i naturen. Så blir han borte. Den unge gjetaren vaknar opp frå sømnen, innser at den Rimhåra hadde med ein viktig bodskap, og ber han om å komme tilbake. Den gamle kjem tilbake, og gjennom poesi og song opnar han den unges auge for kor nødvendig det er for oss menneske å halde fram med å samhandle med, vere avhengige av og mest av alt å ha respekt for naturen, miljøet og kvarandre - av omsyn til jordas framtid.

Blir spelt på norsk og samisk.

Finn ut meir