Bakgrunnsartikkel

Villandas fotograf

Karakteren Hedvig er 14 år og uttrykker seg gjennom foto. Derfor har fotograf Pernille Sandberg fått prege store delar av det estetiske uttrykket.

På Scene 3 står ein sofa, eit arbeidsbord og eit stativ. I midten tar eit lerret fokus. Vi er inne i studioet til familien Ekdal. Hedvig er ein keitete og uroleg tenåring. Ho er tøff, forsøker ikkje please folk og kapslar seg inn i sitt eige skal for å takle heimesituasjonen. Men ho er òg ein habil fotograf, og til stor hjelp for foreldra i arbeidskvardagen deira.

Vårens versjon av Villanda blir sett frå Hedvigs synsvinkel, eller kameravinkel om du vil. Regissør Lars Erik Holter ønskte å bruke Ibsens velkjente tekst til å undersøke årsaka til at ein fjortenåring tar livet av seg. Hedvig knipsar seg gjennom kvardagen og forsøker å nå ut til omverda med bilda sine. Holter skjønte at han trong ein fotograf til å forløyse prosjektet. Valet fall på Pernille Sandberg som i løpet av prosessen har fått prege store delar av det estetiske uttrykket.

- Hedvig minner meg om ei yngre utgåve av meg sjølv. Småpønkete, utilpass og tøff. Eg prøvde å vere rebelsk utan å få det riktig til. Eg fekk også utløp for mange kjensler gjennom fotografia mine i tidleg alder og gjer det framleis. Eg har sympati for henne. Verda er ikkje alltid som ho ser ut, relasjonane annleis enn ein trur, og dårleg sjølvkjensle kjem ofte av tillitsbrot.


- Tidlegare har eg erfaring med å bygge univers og skape karakterar i arbeidet som fotograf, men det er fantastisk spennande å få arbeide i eit scenerom. Det kjennest som ein langt meir organisk prosess, seier Sandberg om prosjektet ho blei trekt inn i.
- Bilda mine skal på eit vis understøtte dialogen og setje preg på heile scenerommet. Det er fasinerande å sjå korleis dei ulike elementa spelar saman. Men det er ein balanse der som er viktig. Fotografia må ikkje berre vere illustrasjonar, eller skildre ein situasjon, dei bør kunne utdjupe den. Om bilda blir opplevd som musakk, da blir det heile meiningslaust, seier Sandberg.

Tidlegare har 25-åringen i all hovudsak arbeidd med portrett, kunst- og motefotografi. Københavnaren kom til Noreg for eit 5 månader langt assistentoppdrag for Massimo Leardini. Da hadde ho studert og arbeidd i Berlin i 3 år og var klar for eit omflakkande frilansliv i same by. Slik blei det ikkje, no bur ho på fjerde året i Oslo og har etablert seg med studio på Rodeløkka.

Ibsens stykke kjente ho ikkje godt frå før, noko som ho opplever som frigjerande i arbeidet med ein klassisk tekst.

Hedvig har ikkje språk, eller verktøy til å omsette kjensler i handlingar. Ho slit med å forstå verda rundt seg og flyktar derfor inn i fotografiet. Der prøver ho å formidle ei uro gjennom ein bildestraum som både er direkte og retrospektiv. Sandbergs oppgåve er å omsetje dette til eit visuelt uttrykk.

- I utgangspunktet skulle eg levere nokre få bilde, sjølvportrett av Hedvig, som skulle projiserast på bakveggen. Men møtet med regissør Lars Erik Holter resulterte i eit tettare samarbeid og ei større visuell rolle for meg, seier Sandberg som for første gong tar arbeidet sitt inn i teateret. Foto: Bob Jones.

Eit utval av Pernille Sandbergs foto i Villanda



Bilde på noko som er rått og dyrisk, det som ikkje tenker og som ikkje har kjensler – det dyriske som er vanskeleg å styre. Alle i stykket har på eit vis ei brekt venge. I all egoismen blir også barnet gløymt. Foto: Pernille Sandberg.
Objektet viser den minste komponenten av eit individ. I alle individ opptrer både det vakre og skremmande. Foto: Pernille Sandberg.
Her testar Hedvig grenser og vekslar mellom å vere sjølvsikker og å kjenne seg rastlaus. Foto: Pernille Sandberg.

TEKST Ida Michaelsen HOVUDFOTO Torgny Amdam

Fjøra ho held, vengene ho skapar, er eit bilde på ei ekstrem sårbar kraft og makt i ein og same kropp. Foto: Pernille Sandberg.