Utan merkelapp

Øystein Skar frå Highasakite komponerer musikken til Utafor.

Sjølv om Utafor er ei framsyning med ungdommar frå ulike religionar, har eg ikkje laga nokon «religionstypete» musikk. Eg ønskjer ikkje å blande meg opp i det som skjer på scenen, men heller forsøke å skape eit eige rom gjennom musikken, underbygge det som skjer og gi publikum noko å assosiere etter. Eg er ikkje spesielt glad i overtydeleg musikk, men heller meir ein konseptuell tankegang rundt det musikalske.

Det er vanskeleg å setje nokon merkelapp på kva slags musikk eg har komponert. Uttrykket er urbant, vil eg seie, men det er òg andre innslag i musikken gjennom bruk av utvalde etniske instrument, og mellom anna strupesong. Eg blandar dette med element frå hip hop og suggererande, repetative rytmar, slik at musikken tilfører framsyninga noko ekstra, og forhåpentlegvis noko bra.

Grunnen til at eg kom inn i prosjektet, meiner eg å hugse, er at eg møtte Svein Tindberg på heimtraktene mine, etter ei framsyning av eit utdrag frå Abrahams barn. Eg har tidlegare arbeidd med musikk for scene, men da har det i hovudsak vore danseframsyningar og tekstopplesingar med teatrale trekk. Eg har òg skrive musikk for film; både kortfilmar og kunstfilmar. Men det at eg spelar i Highasakite, og at Svein har høyrt både om bandet og musikken vår, i tillegg til at han var på jakt etter ein komponist som kunne lydleggje framsyninga med eit ungt musikalsk uttrykk, er nok grunnen til at eg no er del av det største teaterprosjektet eg nokon gong har gjort på eiga hand. Eg er veldig glad for å ha fått oppgåva. Det har vore utruleg kjekt både å få møte Svein, og fått høve til å arbeide saman med han.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Andreas Ulvo