Suksess på slump

Tolvskillingsoperaen blei til som ei lang rekke av vilkårlege hendingar, den gongen Berlin var verdas kulturelle og vit­skaplege sentrum.

Sidan urpremieren i 1928 har Tolvskillingsoperaen blitt spelt tallause gonger, og er ein klassikar i dramatikken. Stykket stiller grunnleggande spørsmål ved objektiviteten til myndigheitene, kritiserer kapitalismen og hierarkiet i samfunnet, men blei aldri skrive som eit politisk manifest for scenen.

Theater am Schiffbauerdamm ligg eit steinkast frå Friedrichstrasse, som før krigen var eit underhaldningssentrum i Berlin. Distriktet blei nesten heilt øydelagt under krigen, men teateret stod som ved eit under etter bomberegnet. Den 31. august 1928 gjekk teppet opp for urpremieren på Die Dreigroschenoper.

Monument over dramatikaren Bertolt Brecht ved Theater am Schiffbauerdamm i Berlin, teateret der Tolvskillingsoperaen hadde urpremiere i 1928. Foto: Sir James / Wikimedia commons.

Teatera var den gongen tumleplass for genia; Max Reinhardts grandiost fantasifulle og Erwin Piscators revolusjonære iscenesettingar var ei frigjering frå all vanetenking og alle konvensjonar. Ville ein ha suksess i tjuetalets Berlin, måtte ein lokke det storborgarlege publikummet med sensasjonar.

Da ein ung skodespelar, Ernst Josef Aufricht, brått fekk 100 000 mark og kunne leige Theater am Schiffbauerdamm, var det derfor naturleg at han som ny teaterdirektør leita etter noko djervt og moderne å opne med. Først oppsøkte han alle teaterforleggarane i byen, men fann ikkje det interessante stykket. Han leita så opp alle dramatikarane i Berlin; men Toller, som har skrive Hoppla vi lever, hadde ikkje noko, heller ikkje Lion Feuchtwanger, og heller ikkje dei andre som no er gløymde.

Til slutt stod det berre att, som ein siste utveg, å ta seg ein runde på dei litterære kafeane i byen. På Cafe Schlichter sat ein ung mann med kortklipt hår i skinnjakke, og røykte sigar. Aufricht hadde aldri møtt han, men kjende han utan vidare att. Det var Bertolt Brecht. Han kjende godt den litterære produksjonen til denne unge forfattaren, og bad om å få sette seg. Så spurde han om Brecht heldt på med eit nytt stykke.

Jau, det gjorde Brecht; han dramatiserte ein fabel. Men da han fortalde innhaldet, skjønte Aufricht at dette ikkje kunne bli noko opningsstykke, så han bad om rekninga. Då sa Brecht; Så arbeider eg med eit stykke til, og dersom De vil kan De få lese seks av dei sju scenane, sluttscenen har eg berre skissert. Det er ei omarbeiding av The Beggar's Opera av John Gay frå 1728, som eg har kalla Pack. Det handlar om ein gangster som stel dottera til tiggarsjefen og giftar seg med henne.

Øyvind Blunck som Mackie Kniven og Trini Lund som Bule-Jenny i 1992 på Det Norske Teatret. Bentein Baardson hadde regien. Foto: Erik Berg.

Det var ei historie som ropte etter eit teater, skreiv Aufricht i sine memoarar. Alt neste morgon fekk han henta stykket der Brecht budde, ein liten hybel i øvste etasje i Spichernstrasse. Vi las det regnvåte manuset og eg blei straks fascinert av kor frekt det var og av den tørre humoren, eg såg ein ny stil i emning. Eg bestemte meg for at Pack skulle bli pre­mierestykket på teateret mitt og ringde Brecht, som fortalde at komponisten Kurt Weill skreiv musikken.

Det gjorde Aufricht litt redd. Den atonale musikken til Weill var ingenting for teateret, meinte han, derfor bad han kapellmeisteren, den seinare så kjende Theo Matkeben, å ha originalmusikken frå 1700- talet i reserve. Premieren blei sett til 31. august, Aufricht sin fødselsdag. Og medan Aufricht engasjerte skodespelarar, drog Brecht og Weill med sine fruer til Le Lavandou på den franske Rivieraen for å gjere stykket ferdig.

Karoline (Carola) Neher spelte Polly i uroppsetjinga av Die Dreigroschenoper ved Theater am Schiffbauerdamm. Livet hennar fekk seinare ein tragisk utgang; Ho emigrerte frå Tyskland da Hitler kom til makta, og endte opp i Sovjetunionen. Der blei ho angitt som tilhengar av Trotskij av ein kollega, og sendt til ein av GULAG-konsentrasjonsleirane, der ho døydde av tyfus etter fleire år. Måleriet er ved Julie Wolfthorn (Wikimedia) (1929) og viser Carola Neher i Gefallene Engel ved theater am Schiffbauerdamm.

Prøvetida var eit helvete; augustvarmen var trykkande, teateret var fylt av skodespelarar, teaterelevar, regissørar, forfattarar og parasittar. Overalt stod det tomme kaffikoppar og fulle oskebeger, skreiv Aufricht. Alt det som kunne tenkast å gå gale, gjekk gale.

Primadonnaa, Karoline Neher, var gift med den unge, vakre og gåverike poeten Klabund, som låg døyande i lungetuberkulose på eit sanatorium i Sveits. Dag etter dag sat ho ved dødssenga, og da han til sist døydde, kom ho til Berlin, ei veke før premieren, og syntest rolla var alt for lita.

Det tar eg meg av, ned med teppet, sa Brecht, fekk inn eit skrivebord på scenen, sette seg ned med fru Neher og skreiv nye scenar for henne. Klokka fem om morgonen heldt prøvane fram, men nådige Neher var enno ikkje nøgd. Ho drog frå teateret, og sjølv om ho blei oppvarta med både blomar og smiger, kunne ho ikkje overtalast til å kome tilbake. Ein måtte få tak i ei ny skodespelarinne i rolla som Polly. Teateragentura fekk krisetelefonar, ukjende stjerner prøvesong, og til slutt fann dei ein ung artist som heitte Roma Bahn og som blei strålande god.

Tolvskillingsoperaen i Robert Wilsons regi ved Berliner Ensemble. Her er Angela Winkler som Bule-Jenny. Foto: Moritz Haase.

Kort sagt; alle krangla med alle. Brecht barka i hop med regissøren Engels om songane, og ei stund lurte ein på alvor på å stryke dei. På premieren blei Weill rasande og førebudde ein storstilt utmarsj, fordi namnet til kona hans, Lotte Lenya, hadde falle ut av programmet. Tiggarkongen Peachum, Erik Ponto frå Dresden, pakka veskene sine same dagen fordi ein stor del av rolla hans blei stroken etter generalprøven, og han pakka ikkje ut att før Aufricht hadde falle på kne og naudbedd han.

Kona til Brecht, Helene Weigel, skulle spele bordellvertinne med lam underkropp, men fekk akutt blindtarmbetennelse og rolla måtte strykast. Elles hadde ein problem med gangsterkongen Mackie Kniven. Til denne rolla hadde ein engasjert ein operettesjarmør som heitte Harald Paulsen. Han bestilte eit svært kledeleg kostyme hos ein moteskreddar og nekta å gå på scenen utan eit blått skjerf som stod til fargen på auga hans. Ingen kunne ta denne velkledde mannen for mordar og gangster. For å få presentert denne sjukelege karakteren alt før han gjorde entre, gjekk Brecht heim og skreiv, over natta, den mest kjende songen i stykket, Und der Haifisch der hat Zähne.

I 2008-versjonen av Tolvskillingsoperaen på Det Norske Teatret hadde Georg Malvius regien og Heidi Gjermundsen Broch spelte Polly medan Paul-Ottar Haga var Mackie Kniven. Foto: Marius E. Hauge.

Fiaskoen låg i lufta, og alle var så sikre på at det skulle gå gale at Fru Peachum, som blei spela av kabaretsongarinna Rosa Valetti, skreiv kontrakt om eit engasjement som starta dagen etter premieren. Og det nye sceneteppet blei døypt "kistekledet". Premierepublikummet som kom for å nyte denne fiaskoen, sat dødsstille under ouverturen, løfta ikkje handa til applaus i første akta og drog ikkje på smilen av ablegøyene i andre akt, bryllaupet mellom Polly og Mackie Kniven.

Først da den Kipling-inspirerte duetten Der Kanonen­song blei framført, braut jubelen laus. Songen med den raske marsjtakten er jo eit av pangnummera i stykket, likevel kom applausen brått og uventa. Klappsalvene skralla i salongen og elta innover rampen, publikum trampa og kom med oppglødde tilrop, dei forbausa songarane fekk ikkje fortsette før nummeret blei annonsert på nytt. Etter dette var kvar einaste replikk og kvar einaste tone ein suksess, konkluderte Aufricht.

Andreas Kolstad som konstabel Smith og Kari Rasmussen som Fru Peachum i 1992 på Det Norske Teatret. Foto: Erik Berg.

Suksessen blei mykje større enn nokon våga å tru, heile Berlin fekk Tolvskillingsfeber. Folk plystra melodiane på gater og torg, kritikken var overstrøymande, køane bukta seg framfor billettluka, og avhopparen Caroline Neher spurde Aufricht: Kor lenge har ho andre kontrakt? Eg må spele Polly!

Året 1930 blei det skrive kontrakt om filmrettane, då hadde 120 teater i Tyskland rokke å spele 4000 framsyningar. På Theater am Schiffbauerdamm blei stykket framført 500 gonger.

Vi såg på stykket slik det var skrive, som ein lystig litterær operette med eit par sosialkritiske blinklys," fortel Aufricht og legg til at dei djupsindige utgreiingane om det politiske innhaldet, som kom seinare, har gitt stykket ei falsk meining. Det er i det heile feil å sjå Tolvskillingsoperaen som eit medvite gjennomtenkt politisk-sosialt drama. Eigentleg var Brecht berre sånn passeleg interessert i stykket. Det var ei av venninnene hans som oppdaga den engelske originalhistoria, sjølv let han stykket ligge halvferdig i månader, og då han møtte Aufricht første gongen, karakteriserte han stykket som ein Nebenwerk (eit verk på si). Han lånte friskt av klassikarane, Kipling og Francois Villan, let venene skrive nokre strofer her og der, improviserte nye replikkar og scenar under prøvane, og let venen Lion Feuchtwanger døype stykket Die Dreigroschenoper. Som altså er ein ungdommeleg anarkistisk revolt mot det borgarlege, ikkje eit marxistisk revolusjonsdrama for arbeidarklassen.

Utdrag frå ein artikkel av Gustaf von Platen som stod i programmet til Det Norske Teatrets oppsetting av Tolvskillingsoperaen i 1992. Von Platen var tidlegare journalist for Svenska Dagbladet og gjekk bort i 2003. FOTO av Brecht: NTB/Scanpix.