Sensasjonen frå broadway til oslo

Den beste musikalen i dette hundreåret, skreiv The New York Times etter at gutane bak South Park brakdebuterte med musikalen The Book of Mormon på Broadway i 2011. No landar suksessen i Oslo etter seks år med fulle hus i New York og London.


TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter
The Book of Mormon er boka du ikkje visste du ville elske, seier Frank Kjosås som har kapra ei av dei ettertrakta rollene i stykket. Musikalen, som over natta blei ein sensasjon, har sprengt alle grenser for kva ein tøyse med. Men Trey Parker og Matt Stone gjer det på ein smakfull og intelligent måte og kjem unna med det meste. Til og med det meir eksplisitte språket. Her blir ingen eller ingen ting spart.