Russisk noblesse på overtid

- Dekadanse, det er gøy å arbeide med! Kanskje mest fordi vi her i Noreg ikkje har ein adel eller overklasse å snakke om, seier kostymedesignar Ane Ledang Aasheim.

Ane Ledang Kasheim er kostymedesignar for Kirsebærhagen, og gler seg til å dykke ned i det russiske. Det ho omtalar som både tungt og tøft, ornamentert og pønkete. Og som ho stadig finn referansar til i dagens motebilde. Planen er å halde seg til tidskoloritten, Tsjekhov skreiv stykket rundt førre hundreårsskifte, men å gi kostyma eit moderne og tidsriktig uttrykk for publikum av i dag.

Når Ane førebur ein ny produksjon, går det mykje tid med til å tråle magasin og nett etter inspirasjon. Det ho likar ender opp i collagar som dette.

- Dette er folk som har levd som rike i generasjonar og som tradisjonelt har eigd privilegia og den kulturelle kapitalen i samfunnet. No blir dei offer for sosiale endringar, og er ikkje budde på det som kjem. Dette skal eg forsøke å uttrykke gjennom kostyme som speglar posisjon og tilknyting.

I 1949 og 1979 var det sommarlette kjoler som gjaldt i Kirsebærhagen på Det Norske Teatret.

Idyll som sprekk

Kirsebærhagen er eit stykke som ofte har vore spelt i lyse og lette sommarkostyme. I den vakre hagen som omgir godset, blir vi kjente med familien Ranévskaja. Dei er representantar for det gamle aristokratiet som gjennom generasjonar har levd og fråtsa utan å måtte tenke på konsekvensar.

Men samfunnet rundt er i endring. Godset er forgjelda og dei står i fare for å måtte selje. Likevel held dei fram med å skylje kaviaren ned med sjampanje. Det er ein sommarleg idyll som er i ferd med å knele i avmakt og lammande rådville.

Scenograf Nia Damerell jobbar med ein rein og minimalistisk scenografi. Foto: Erica Zahl.

Tomrom med partylys

Scenograf Nia Damerell tar utgangspunkt i denne festen som dei ikkje gir slepp på. I eit luftig og ope scenerom legg ho opp til ein viss partyfaktor. Ein lysinstallasjon med meir enn 1000 lampar og tre musikarar som krinsar rundt spelescenane understrekar dette.

Lyslenkene kan både vere heilt raude som kirsebær, kvite og reine eller ha ulike fargar som partylys.

- Rommet skal ikkje illudere ein kirsebærhage, men det vakre som omkransar den gamle adelen. Motviljen dei kjenner for å endre levesett, er sterk. Desse unyttige eksistensane er på mange vis livsudugelege – og no heilt overflødige. Det er ein fest, javel, men det er ein fest prega av stillstand, vemod og fornekting, seier Nia om scenografien.

Kirsebærhagen er Tsjekhovs siste skodespel og blei oppført første gongen i 1904, ikkje lenge før den store dramatikarens død, og berre eitt år før revolusjonen i 1905. Den russiske revolusjonen kom i 1917 og leidde opp til dei neste 70 åra med sovjetvelde. Adel og privilegium blei dermed reinska ut og fjerna.

Kjensle av levd liv

- Denne versjonen blir ikkje lett, søt og rein. Det er så mange stilmessige snitt og former som er inspirert av den gammalrussiske overfloda som eg vil forsøke å inkorporere i arbeidet, seier Ane.

- Eg vil at kjensla av levd liv, av tidlegare storleik og av det emosjonelle knytt til plagga skal komme over. Desse menneska har levd intenst, og kleda dei har valt seg, må spegle dette. Vi møter eit samfunnslag som har levd i sus og dus så lenge at dei ikkje veit om noko anna.

Slik blei uttrykket til Kirsebærhagen 2020, ganske langt frå florlette sommarkjolar. Fotoet blei tatt lenge før kostymene til sjølve framsyninga var klar. På den måten blei dette ein del av researchfasen til kostymedesignaren. Foto: Pernille Sandberg.

Men festen har sklidd over i nachspielet. Det har noko tungt, nesten skittent over seg, samstundes som dette er kultiverte menneske med danna og riktig smak. Det blir utfordrande, for det er ikkje berre å gå i butikken for å skaffe denne stilen. Samstundes som vi ikkje skal produsere så mykje nytt. Vi har valt å gjere det litt meir kaldt og tungt. Vi speler på det emosjonelle, det dei går gjennom, det nye som dei skal møte – eit skifte som betyr enorme forandringar for dei, det ønsker eg å få over. Det er jo ein prosess, og sjølv om dette er mine intensjonar, veit ein aldri korleis det endelege uttrykket blir, avsluttar kostymedesignar Ane Ledang Aasheim.

TEKST Ida Michaelsen