Robert wilson

Ein av verdas største regissørar.

I nesten fem tiår har Robert Wilson vore aktiv og har vore ein ruvande personlegdom i avantgardeteatret. Han blei berømt gjennom oppsetjinga Einstein on the Beach i 1976, eit samarbeid med den amerikanske komponisten Philip Glass. Sidan har han sett opp på teater over heile verda og levd eit hektisk internasjonalt sceneliv. Hans mest berømte oppsetjingar i Skandinavia er nok Strindbergs Draumspel (1998) i Stockholm, Woyzeck saman med Tom Waits (2000) i Köbenhavn og sjølvsagt Peer Gynt (2005). Sistnemnde var eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, eit stykke som blei spelt både i Oslo, Bergen - og New York.