Bakgrunnsartikkel

Preben Hodneland – Aktuell som Eldste McKinley

- Vi menneske skrur av kjenslene våre alt for ofte!

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Eg har alltid vore South Park-fan, så då eg høyrde at Trey Parker og Matt Stone hadde laga musikal, tenkte eg at viss den kjem til Noreg ein gong, må eg prøve å få meg ei rolle. Og no skal eg spele i den, det er utruleg stas!

Eg spelar Eldste McKinley, og det er ei veldig fin rolle. Han er ein stram og ordentleg type og ein rettleiar for dei andre misjonærane. Men han ber på ei stor hemmelegheit: Han må konstant prøve å skjule sin eigen seksualitet sidan den er i strid med trua hans.
Songen «Turn it off!» er så smart skriven, både tragisk og morosamt på same tid. Den handlar om ein strategi for å handtere alt i livet du ikkje vil eller kan forhalde deg til, ‘skru det av!’.
Det er så tydeleg motsett av kva ein bør gjere. Vi menneske skrur av kjenslene våre alt for ofte!

Les også: Anette Amelia Hoff Larsen skal vere Nabulungi.

I tillegg dansar eg i denne framsyninga. Nærare bestemt steppar! Dans er nytt for meg. Johan Osuldsen, som har koreografien, sende meg masse videoklipp med ting eg må kunne: Stepping, showdans og Liza Minnelli-greier eg aldri har vore borti. Eg er kanskje ikkje den beste dansaren, men eg liker godt å uttrykke meg fysisk, så eg trur og håpar det er overkommeleg. Eg elskar å jobbe med nye ting. Eg har gjort musikal før. Det er ein ganske utfordrande sjanger, og Book of Mormon er musikalsk eit utruleg bra verk. I tillegg har det dette sideblikket på musikal som fenomen, og det styrkar heile musikalen, trur eg. Dei har berre plukka det beste av alle ingrediensane og gjort det fullt ut med kjærleik. Det er eit bra plott, morosamt, drygt, varmt og fint. Dette er ei festframsyning av høg kvalitet.

Les også: Lars Bleiklie Devik - frå Ylvis til The Book of Mormon.

For meg er dette eit år prega av ytterpunkta. Eg har gjort Hamlet, er framleis Mercutio i Romeo og Julie og no Eldste McKinley.
Sjølv om avstanden mellom desse karakterane er stor, slit dei alle med spørsmål kring identitet og kva som er rett og gale.
Komedien og tragedien ligg så tett. Det er både humor og alvor der. Dessutan jobbar eg med ein film om ein som skjuler misbruk av heroin. Igjen desse hemmelegheitene og fortrenging av kjensler. I perioden med filminnspeling er det dyster ‘narko’ på dagtid og munter stepping på kvelden. Det er eit vanvettig privilegium å få lov til å jobbe med desse ytterkantane av livet. Eg har jo ein heilt fantastisk jobb!

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås Foto Siren Høyland Sæter

Artikkelen er frå 2017.