Bakgrunnsartikkel

Omstridd forfattar

Bjørneboe (1920-1976) var ein av dei mest omstridde og fargerike norske forfattarane etter krigen.

Han er kjent for sin omfattande litterære produksjon og for sitt sterke samfunnsengasjement, i evig kamp mot samfunnets maktmenneske og formyndarar. Som forfattar utmerkte han seg innanfor mange sjangrar, både romanar, skodespel, lyrikk, essay og artiklar. Bjørneboe skreiv romanar der han kritiserte moderne vitskap, det offentlege skolevesenet, det norske rettsoppgjeret og fengselsvesenet. Bjørneboe levde eit turbulent liv og tok sitt eige liv i 1976, 56 år gamal.

Bjørneboes hovudverk

Trilogien Bestialitetens historie består av Frihetens øyeblikk (1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). I dei tre romanane går Jens Bjørneboe for alvor laus på “det ondes problem”. Han gjer eit forsøk på å skrive verdshistoria på ny, med vekt på kunnskap om dei smertene maktmenneske har påført kjettarar, taparar, dei som fell utanfor og er undertrykte i samfunnet. Resultatet er ei intens utforsking av ulvenaturen til menneske og av kva som er avgjerande for eksistensen vår. Bjørneboe brukte 25 år på å skrive Bestialitetens historie, og trilogien blir rekna som hovudverket hans.


Toppfoto: Gyldendal Norsk Forlag