Nashornet iblant oss

Det begynte for alvor 22. januar i år. I samtaler mann og kvinne imellom så var svaret på dei fleste spørsmåla det same.

TEKST Morten Strand TIL NYNORSK VED Arne Torp FOTO Lars Eivind Bones

- Nashornet, blei det mumla, ledd, gråte, og rista på hovudet.

Han var svaret på det mange av oss undra oss over, jamvel om svara han – Nashornet – gav, for det meste var gale, etter både vitskap og logikk. For USAs 45. president var elefanten i glashuset som knuste alt rundt seg. Han var nashornet i landsbyen som valsa over alt og alle. Han utfordra moralen med løgnene sine, kulturen med kunnskapsløysa si, konvensjonane med dei bisarre tweetane sine. Han viste seg å vere ein mobbar som ikkje gjekk av vegen for å oppmode stormtroppane sine til å ty til vald. Han var praktisk tala eit nashorn, slik Eugene Ionesco skapte det for litt meir enn 50 år sidan. Og han er i fri dressur.