Bakgrunnsartikkel

Monster og menneske

Med Macbeth syner Shakespeare at det vanskelege ikkje er å gjere vonde handlingar. Det vanskelege er å leve med seg sjølv etterpå.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Forteljingar om vondskap er kvardagskost. Det er parteringsdrap i nyheitene, «true crime»-dokumentarar på Netflix og blodig nordic noir på bestseljarlista. Verdshistoria vrimlar av menneske som har gjort forferdelege gjerningar; kunsten har til alle tider portrettert det, menneske har til alle tider vore fascinert av det. Haustens første premiere viser eit glitrande eksempel på dei mørkaste kreftene i mennesket frå verdslitteraturen. Macbeth – myten om slaktaren og hans djevelske dronning – er William Shakespeares mest intense og blodige tragedie.

I løpet av fem akter tek ekteparet livet av både menn, kvinner og barn i jakta på kongetrona. Men under den blodraude overflata er det kanskje noko enno meir trugande som lurar. For regissør Peer Perez Øian er ikkje dei monstrøse handlingane til ekteparet det mest interessante i stykket. Tvert imot finn Øian, bak alle handlingane, eit djupt humant menneske i Macbeth. Men kan ein vere eit monster om ein også er eit menneske? Eller kanskje det mest skremmande er kor menneskeleg vondskapen faktisk er?

Du vil bli stor, er ikkje utan ærelyst, men saknar den vondskap som skal til

Lady Macbeth om ektemannen

Mot undergangen

Macbeth kjem frå krigen som ein helt. Han har kjempa for konge og fedreland og får heider og ære for innsatsen sin. Saman med kameraten Banquo møter han på tre hekser som lovar dei to soldatane ei tilsynelatande lys framtid. Macbeth skal bli konge, og etterkommarane til Banquo skal bli kongar heile gjengen. Dei to soldatane kan ikkje tru si eiga lykke, men forstår ikkje korleis dette skal gå til. Den sitjande kongen av Skottland, kong Duncan, er godt likt og i god form. Det er først når Lady Macbeth, kona til Macbeth, får nyss om denne spådommen, at ein plan for å oppfylle profetien tek form.

Lady Macbeth har inga tru på at ektemannen vil vere i stand til å gjere det som trengst. Ho er redd Macbeths lynne er for menneskeleg til å gå snarvegen: Du vil bli stor, er ikkje utan ærelyst, men saknar den vondskap som skal til, seier ho til seg sjølv. Ho forstår at ho må hjelpe Macbeth til å oppfylle profetien, så han kan bli konge og ho dronning. Den sitjande kong Duncan må myrdast. Før slutten av andre akta har profetien til dei tre heksene blitt oppfylt. Macbeth er konge av Skottland. Men det sluttar ikkje der.

Det er ikkje første gongen Peer Perez Øian regisserer eit stykke av Shakespeare. Versjonen hans av Hamlet med Marie Blokhus i tittelrolla fekk mykje merksemd og gode kritikkar. Foto: Siren Høyland Sæter.

Nedadgåande spiral

Macbeth har ingen barn, og dermed ingen som kan arve kongetrona etter han. - I biletleg forstand betyr det at Macbeth ikkje har ei framtid, tenkjer Øian. - Han veit at han må forløyse det største potensialet i seg sjølv her og no.

Og ikkje nok med det, Macbeth har allereie fått blod på hendene ved drapet på kongen. Da verker det urimeleg at barna til Banquo skal arve Macbeth si trone, sånn som heksene spådde: Er det så, da har eg skjemt mitt sinn for Banquos ætt, for deira skuld drap eg den edle Duncan, resonnerer han sjølv. Ikkje før er kongen drepen, har Macbeth tinga drapet på kameraten Banquo og sonen hans.

- Kanskje Macbeth og Lady Macbeth føler at dei har rasjonelle grunnar til å handle som dei gjer, seier Øian: - Men alt det dei ikkje kan kontrollere – det irrasjonelle og umedvitne – tek gradvis meir plass. Det blir ein nedgåande spiral der hjernen kannibaliserer seg sjølv. Samvitet let ikkje den rasjonelle sida sigre i denne kampen.

Full av skorpionar er mi sjel

Macbeth

Macbeth blir stadig meir moralsk degenerert i løpet av stykket. «Full av skorpionar er mi sjel», seier han. På festmiddagen same kvelden ser Macbeth gjenferdet til Banquo. Han får ikkje fred. Når den første grenseoverskridande handlinga er gjort, er grensa allereie flytta. Dei motførestillingane Macbeth hadde før drapet på kongen, har no blitt utydelege. Publikum får vere vitne til konsekvensane av handlingane til ekteparet Macbeth, fortel Øian: - Dei er to menneske som deler ein ambisjon og eit mål, men som blir framande for kvarande og seg sjølve. Handlingane deira er berre den ytre ramma Shakespeare brukar for å studere konsekvensane av å ta eit val. Macbeth startar som ein helt, og endar opp som ein massemordar. Mange fleire skal døy før teppet går ned etter femte akt.

Preben Hodneland som Mercutio i Romeo og Julie av Shakespeare, i Maren Bjørseths regi. Denne rolla fekk han mykje positiv merksemd for. Foto: Gisle Bjørneby.

Det skotske stykket

Ein seier at det kviler ei forbanning over Macbeth. Seier du tittelen på stykket, vil det gå deg ille. Det har historia vist. Skodespelar Preben Hodneland tek ingen sjansar. Han skal spele hovudrolla i Det Skotske stykket, og har ikkje tenkt jinxe det. - Det er eit vanskeleg stykke og eg treng all den lykka eg kan få.

Det er ei krevjande rolle han skal gi seg i kast med i haust, når han går inn i eit menneskesinn som tilsynelatande reknar menneskeliv for mindre verdt enn eigne ambisjonar og behovet for makt. Når lagnaden blir lagt fram for han, er det berre vegen mot trona som må stakast ut, eit dolkestøyt av gongen. For å få det han vil ha, må han gjere seg sjølv til ein mordar. Resten er kampen mot demonane. Korleis grip ein tak i ei slik rolle?

- Nøkkelen er at eg må menneskeleggjere han, fortel Hodneland.
- Macbeth blir gjerne framstilt som ein tyrann. Men det interessante er kvifor han gjer det han gjer. For å finne svar på det, går eg til teksten. Jo meir eg les og arbeider med det, jo fleire nyansar finn eg. Arbeidet mitt blir å løfte fram smånyansane som finst i teksten, til dømes når han tidleg i stykket bestemmer seg for at han ikkje skal drepe kong Duncan, og han går inn til Lady Macbeth for å seie det. - Ved første augekast verkar det som at det er ho som pushar han til å drepe kongen. Og det gjer ho jo også. Men samstundes veit han kva han gjer når han går inn til ho. Kanskje er han ikkje sterk nok til å stå i handlingane sine aleine. Han treng Lady Macbeth.

Rolla som Lady Macbeth blir spela av Ingeborg Sundrehagen Raustøl. Hodneland tenkjer det er eit fascinerande ektepar vi møter i stykket: - Som ektepar er dei ei eining, dei utfyller kvarandre på eit vis. Til dømes er det interessant korleis Lady Macbeth snakkar om mannen sin når ho er aleine, til skilnad frå korleis ho snakkar til han når han er der. Alle dei mjuke sidene er kanskje det ho elskar ved han. Men når han er der, snakkar ho ned manndomen hans, akkurat som ho prøver å utløyse noko i han.

Filosof og forfattar Lars Fr. H. Svendsen har skrive "Ondskapens filosofi". Foto: Civita.

Det vonde mennesket

Professor i filosofi Lars Fr. H. Svendsen skriv i boka Ondskapens filosofi at vondskapen er menneskeleg. Mennesket er både godt og vondt, og vi har det i oss til å gjere begge delar. Og når vi gjer vonde handlingar, kan det vere fleire underliggande grunnar til det. Men vi gjer ikkje det vonde fordi det er vondt. Unntaket er kanskje i fiksjonen, der det Svendsen kallar for den demoniske vondskapen kan finnast.

Macbeth veit at det er innan rekkevidde å bli konge, det har heksene fortalt han, og han må krysse eigne grenser for å oppnå dette.
Det er eit subjektivt gode som er motivasjonen hans for å gjere det han gjer. Dette kallar Svendsen for den instrumentelle vondskapen, til skilnad frå den idealistiske eller dumme vondskapen. Den instrumentelt vonde har forstått kva som er godt og vondt, men vel å sette det gode til side av omsyn til seg sjølv, og han finn glede i målet han vil nå, ikkje i sjølve handlinga.

- Dette er menneske som trur dei kan heve seg over moralen, slår Øian fast. Både Macbeth og Lady Macbeth veit at det dei gjer, ikkje er rett.
Ideen er at målet helgar middelet: Eg gjer noko eg ikkje burde gjort, men det eg oppnår er så bra at eg gjer det likevel. Svendsen viser til Kant og ideen om moralloven (det kategoriske imperativ), fri vilje og det radikalt vonde for å forklare dette prinsippet. Ein sett omsynet til seg sjølv høgare enn moralen.

Eg står i blod så djupt at eg kan ikkje vade lenger, å snu er like vondt som å gå over.

Macbeth

Draumen om makt

Spenninga i framsyninga ligg ikkje i kva Macbeth og kona gjer, men korleis dei handterer og legitimerer eigne handlingar. I psykologien er det det ein kallar kognitiv dissonans. Du veit at det du gjer er feil, men du gjer det likevel. Målet freistar for mykje. Omgrepet kjem frå den amerikanske psykologen Leon Festinger. Han meinte at menneske søker orden og samanheng i tilværet, og at handlingar, haldningar og meiningar må forståast ut frå dette. Folk røyker, drikk og et usunn mat, sjølv om vi veit at det ikkje er bra for oss. For å motverke kognitiv dissonans, der ein person til dømes handlar i strid med eigen overtyding, vil personen nytte ulike strategiar for å oppheve, oversjå eller bagatellisere motsetningar.

For Macbeth er det heksene som har spådd kva som skal skje. Rolla til heksene har fascinert lesarar i hundreår. Dei peikar ut framtida til Macbeth tidleg i stykket. Men er dei ei hildring eller er dei verkelege? Er det dei som gjer Macbeth til ein mordar og samstundes frikjenner han for skyld? Dei har jo spådd at dette er vegen det skal gå. Held dei fram Macbeths lagnad, som allereie er bestemt, eller symboliserer dei den vonde freistinga? Dei inste draumane til helten? Øian tenkjer at heksene representerer ei legitimering av noko som allereie ligg latent i Macbeth. - Tanken om at det er han som burde vere konge, veks som ein kreftsvulst i han etter møtet med heksene.

I slutten av tredje akt seier Macbeth at det ikkje er råd å snu:
Eg står i blod så djupt at eg kan ikkje vade lenger, å snu er like vondt som å gå over.

Macbeth veit at han ikkje kan gjere om alt han har gjort. Om andre ser han som ein tyrann, så kan han like gjerne leve opp til det. Han kan like godt halde fram.

Det er Ingeborg Sundrehagen Raustøl som skal spele Lady Macbeth i lag med Preben Hodneland, som ber tittelrolla. Tarantellaen som kryp på skjorta er ekte.

Tragisk helt

Vi publikummarar kan kjenne oss dregne mot det mørke og vonde, det vekker både avsky og nysgjerrigheit i oss. Ordet thriller kjem frå det engelske ordret thrill, ‘ få til å skjelve eller gyse’, og omgrepet psykologisk thriller viser gjerne til ei skildring av enkeltmenneske som er under sterkt psykologisk press. Slik kan personar med mykje makt kan utføre fatale handlingar som følgje av psykologisk ubalanse. Tragedien, slik Aristoteles såg den, skulle ha ein tilsvarande effekt på publikum. Dei skulle kjenne frykt og samhug med hovudpersonen, den tragiske helten, for så å lære korleis ein ikkje skulle gjere. Gjennom ein såkalla katarsis – reinsing – skulle publikum gå ut av teateret med fornya tru på den moralsk sett riktige vegen å gå.

Macbeth er eit døme på ein klassisk tragisk helt som viser kor ille det kan gå når du bryt dei moralske reglane. Dess meir Macbeth veltar seg i blod, dess meir usikker og plaga blir Lady Macbeth. I søvne prøver ho å vaske usynleg blod av hendene sine. Ekteparet går i oppløysing fordi dei er samvettsfulle menneske som for seint forstår konsekvensane av vala dei har tatt. Vondskapen er ein spiral som går djupare og djupare. Ekteparet Macbeths dragning mot trona er i røynda eit stup ned mot undergangen.

I vår fekk Preben Hodneland Heddaprisen for Beste mannlege birolle for tolkinga han gjorde av Eldste McKinley i The Book of Mormon. Foto: Fredrik Arff.

Vondskapens vesen

Vi vil gjerne kalle menneske som gjer vonde handlingar for monster, og på den måten gjere vondskapen til noko umenneskeleg. Øian meiner at vi menneske gjerne vil undertrykke dei sidene ved psyken som er usiviliserte. Vi vil gjerne tenke på oss sjølve som rasjonelle vesen. Det medfører kanskje eit behov for å avvise det vonde som noko som er oss framandt. Den humanistiske ideen i stykket insisterer på at vi alltid har eit handlingsrom. At menneske alltid kan ta andre val.

Macbeth meiner seg styrt av noko i seg sjølv som han ikkje er herre over: at han speler rolla som er tiltenkt han. Han beklagar det som skjer, utan å erkjenne at han sjølv har makt til minske skaden av det han gjer. Kanskje den kognitive dissonansen Macbeth slit med, er vissheita om at monsteret han har blitt, har han skapt heilt sjølv.

Med Macbeth syner Shakespeare oss at det vanskelege ikkje er å gjere vonde handlingar. Det vanskelege – for ikkje å seie umoglege – er å leve med seg sjølv etterpå. Kanskje er vondskapen ein del av den menneskeleg psyken. Dermed er det ikkje det monstrøse som er det mest gruvekkande med Macbeth. Kanskje det er det humane og logiske som bør skremme oss mest. Det er eit stykke som får ein til å tenkje over kor langt ein er villig til å gå får å nå eigne mål. Og kva pris ein er villig til å betale.

Hovudfoto: Eirik Malmo