Bakgrunnsartikkel

Milja Salovaara – scenograf

- Det beste ligg i antydningane, dei små hinta eller symbola som kan setje tankane i sving!

Regissøren er maksimalist, eg er minimalist. Kafka på stranda er med andre ord ikkje ei heilt enkel framsyning å løyse scenografisk. Eg begynner alltid med å lese manus eller boka og får eit noko monomant forhold til stoffet. Da kjem det eit bilde, eller så gjer det ikkje det. Med Murakamis roman kom det ikkje med ein gong. Den verda som boka skildrar, er så speisa. Klarer vi å skape det, eller for å vere presis: Vil publikum oppleve at scenerommet klarer å gjere det?

Dei beste sceneromma fungerer som ei god bok. Tilskodaren skal produsere eigne bilde, scenografien skal berre vere eit hjelpemiddel for å få fart på ein slik prosess. Historia og forteljinga skal sjølvsagt liggje i front, mi rolle er å gi rammer slik at assosiasjonane kan bli skapte i publikums hovud. Det er nok ikkje til å leggje skjul på at eg mislikar det når ting blir overtydelege.

I Kafka på stranda skal vi inn i mystikken i Murakamis litteratur. Håpet er å skape ei skummel verd basert på få verkemiddel. Lyset spelar ei viktig og nesten avgjerande rolle. Eg har nemleg skapt eit svart rom. Hahaha! Det er sjølvsagt meir enn det. Men eg håpar at scenografien skal invitere til eit anna – meir mytisk, eventyrleg – univers. Og så håpar eg sjølvsagt at scenografien også hjelper skodespelarane til å finne inspirasjon til å skape sine karakterar. Karakterar som vi alle skal bli glade i. Sjølv om dei er litt utanomjordiske!

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter