Bakgrunnsartikkel

Melankoli, marimba, bleier og testosteron

Pål Christian Eggen leikar på jobben. Heime er det på alvor.

TEKST Kjersti Ellefsen FOTO Siren Høyland Sæter STYLING Oskar Andreas Pask/Yme/Paleet

– Om natta, altså, det er viktig å presisere. Pål Christian Eggen snakkar om grunnen til at han er litt sliten. Bleieavvenning. Eldstemann på fire er midt i ein prosess som held foreldra vakne, og etter ein lang prøvedag på teatret begynner energien å nærme seg eit slags nullpunkt for skodespelaren – og tobarnsfaren. Pappapermisjonen med yngstejenta er over, og skodespelaren frå Enebakk er i gang med prøver på ei framsyning som ikkje liknar på noko han har gjort før.

Frie tyglar

– I dag har eg spelt marimba. Det var utruleg kult! Eggen smiler. Det han og resten av ensemblet driv på med, er nybrottsarbeid. Dei skal skape ei teaterframsyning av Stein Torleif Bjellas tekstar og musikk, og har fått roller, eit stort live- band å samarbeide med, ein togstasjon som scenografi, men elles ganske frie tyglar. – Vi byggjer karakterane frå botnen av, og prøver å skape eit univers som speglar Bjellas musikk. Den er jo både mollstemt og testosteronfylt, meiner Eggen. At handlinga skal gå føre seg på bygda og mykje knytast opp mot livet og relasjonane på ein liten stad, ligg alt i Bjellas tekstar. Berre ein halvtimes busstur utanfor Oslo ligg Enebakk. Ein kunne tenkt på det som ein forstad. Men det er bygda.
Tungsinn, forsaking og dårleg råd er ikkje nødvendig for å vere ein god skodespelar, meiner Pål Christian Eggen.
Rånegutane i Enebakk

Da eg høyrde Stein Torleif Bjellas tekstar første gongen, kjende eg meg veldig godt igjen. For eksempel låta «redningsmann», der han syng om jenta i klassa «som vart tidleg vaksen» og blei kjærast med ein av dei kule eldre gutane. At ho set seg inn i rånebilen med han fyren og viser fingeren til oss andre, det er som tatt ut av ungdomstida mi i Enebakk – så å seie ordrett!

Pål Christian Eggen er Optimisten i framsyninga Kan nokon gripe inn. Han med ukueleg tru på at det skal ordne seg. Foto: Erik Berg.

- Kven var den unge enebakkingen Pål Christian?

- Hm. Eg var nok ein streiting. Eg drakk jo karsk og sånn på fest som alle andre, men eg hadde ikkje med meg kniv på skolen, for eksempel.

– Hadde dei andre det?

– Somme, ja.

Klassas enterteinar

Pål Christian var han fyren i klassa som tulla og showa og imiterte læraren. Heime hadde dei alltid spøkt med at «denna gutten burde blitt skuespiller». Men at han skulle gjere alvor av det, låg ikkje i korta. Og det skulle ta mange år og fleire omvegar før namnet Pål Christian Eggen stod på lista over fast tilsette ved Det Norske Teatret. Ettersom dette ikkje er ein biografi, men eit intervju med avgrensa plass, kan åra fram mot dagen han kan kalle seg skodespelar, oppsummerast slik:

Ti år gammal drar Pål Christian til Oslo med foreldra og får si første store og ugløymande musikal-oppleving med Les Misérables. Pål Christian jobbar som kinomaskinist på Flateby kino. Pål Christian begynner på Blindern, der han studerer sosialantropologi, men kjenner seg ganske lost. Han drøymer om å bli yrkesdykkar, og droppar eksamen for å dra til Egypt. Tilbake i Noreg kjem mor hans med eit avisutklipp der det står «Søk Bergen teaterskole». Han søker. Kjem inn. Blir eitt år på skolen før han blir nedlagd. Får jobb i marknadsavdelinga på Bergen kino. Blir sivilarbeidar på Norsk filminstitutt. Tek mot til seg. Søker statens Teaterhøgskole. Kjem ikkje inn. Jobbar som vestibylevert på Nationaltheatret. Søker Teaterhøgskolen igjen. Kjem inn. Da er han 26 år gammal og eldre enn mange av klassekameratane. Ferdig utdanna går ferda til Trondheim og Trøndelag Teater, der han blir i seks år, blir eit heitt namn og får mange store roller. Flyttar til Oslo. Får jobb på Det Norske Teatret. Giftar seg med dramaturgkjærasten Ingrid. Får to barn. Voila 2017; skodespelar og familiefar Pål Christian Eggen. For nettopp det å vere noko anna enn skodespelar er viktig for han.

Optimisten kaster seg stadig inn i nye midlertidige dameprosjekt. No er det Den gravide jenta som gjeld. Foto: Erik Berg.

Handymann og pappa

– Livet er meir enn teater. Eg er ein jordnær type og vil ha eigne prosjekt utanfor teatret, seier Eggen. Han og familien har nettopp kjøpt seg sommarhus – med stort oppussingsbehov. Eg er ein som likar å snikre og halde på med noko som er litt meir handfast enn teater. Men ikkje misforstå, altså! Eg elskar jobben min, og kjenner meg privilegert som har fast jobb, trygg inntekt, gode kollegaer og stadig nye utfordringar. For meg er dette ein ideell situasjon, ha tryggleiken ved ein stabil jobb og sjansen til bli godt kjend med folk som jobbar her. Eg er jo der eg drøymde om å vere.

– Hender det du spør deg kvifor du driv med dette?
– Gjer ikkje alle det? Same kva dei jobbar med?
Jau, det hender eg går forbi ei gravemaskin og ser på han som sit der inne, og tenkjer at det hadde vore fint å ha den jobben. Kunne sitje der, høyre på radioen og grave eit hol, og gjere noko veldig konkret.
– Du hadde kanskje blitt litt lei på sikt?

– Ja, det er fare for det. Og feit.

Ein samfunnsnyttig jobb?

Men Pål Christian Eggen har tru på at det han gjer betyr noko, om enn indirekte.
– Eg håpar at eg gjer ein samfunnsnyttig jobb og er med på å gi folk kulturelt påfyll i kvardagen. Kanskje får ei framsyning dei til å reflektere over dei store spørsmåla. Livet. Verda. Samfunnet? – Når eg ser godt teater, tenkjer eg: Dette trong eg! Jamvel om det handla om noko eg visste frå før, så kan teatret minne oss på ting det er viktig å tenkje over igjen og igjen.

Pål Christian lurer ein slurk kaffi inn gjennom det kraftige store skjegget. At han hadde betre songrøyst enn dei fleste, visste ikkje Pål Christian. Heller ikkje at han skulle bli ein etterspurd musikal-skodespelar. Cabaret, Chicago, Rockeulven og Spelemann på taket, er dei framsyningane der Eggen har briljert. Og no er det klart for nok ei musikalsk framsyning.

Pål Christian gjorde stor suksess som arvtakaren etter Lasse Kolstad i Spelemann på taket. Her med kona Golde, spelt av Herborg Kråkevik. Foto: Erik Aavatsmark.

– Kva slags forhold har du sjølv til musikalar? Er du ein musikal-elskande mann?

– Nokre musikalar er heilt fantastiske med god musikk og innhald som loddar djupt. Men det finst også lettvektarar innanfor sjangeren som det kanskje ikkje er like moro å jobbe med. Det ideelle er jo å få jobbe med ein musikal som samtidig er eit himla bra teaterstykke, seier skodespelaren, som vedgår at kompisar og menn på hans eigen alder nok ikkje er dei som fyller salen når det er musikkteater på programmet.

Kor Pål Christian og resten av ensemblet hamnar etter prøveperioden på Kan nokon gripe inn, er uvisst. Men at det blir ein slags musikal, og at både musikk og tekst er av høg kvalitet, er det ensemblet held seg til.

– Bjellas tekstar er jo noko alle kan kjenne seg att i: Du legg ein plan, men så går alt i dass.

– Men for deg har jo ting gått etter planen? Og lite i dass?

– Hehe. Jau, når det gjeld dei store tinga har du nok rett i det.

Eggen ser på klokka. Det er snart på tide å dra heim. Familien ventar.

– Kva med sonen din – forstår han kva pappa jobbar med?

– Ja. Han veit at jobben min er å kle meg ut og late som.

"Å vera fyrsteelskar ei tid og seta gamle hus i stand" er karriera til Optimisten. Foto: Erik Berg.