Bakgrunnsartikkel

Lysdesignar kyrre heldal karlsen

- Når ein møter eit anna menneske, veit ein ingenting. Folk kan gjerne skjule sider ved seg sjølve i byrjinga, men så avslører dei meir etter kvart, og du kan pusle det saman til eit meir fullstendig bilde. Men heilt sikker på at du kjenner den andre, kan du aldri bli. For meg er det dette Heisenberg handlar om.

Når eg startar arbeidet med ei framsyning, leitar eg alltid etter ein idé, noko eg kan hekte meg på. Og idéen til lyssetjinga er i utgangspunktet ganske enkel: Eit mørkt rom med ei lyskjelde, ei bevegeleg lampe, som lyser ovanifrå. I byrjinga er dei to karakterane i stykket berre omriss. Mykje er framleis mørklagt. Det er nett dette lysdesign handlar om: Å bestemme kva publikum får sjå, og kva dei ikkje får sjå. Eg ser lysdesignaren som ein slags meklar mellom scene og sal – vi skal hjelpe til med å få stemninga mellom skodespelarane over til publikum, hjelpe til med å utløyse kjenslene deira og fortolke det som hender.

Når eg jobbar, går det meste gale. Det er ofte gjennom «feil» at noko nytt oppstår. Problemet mitt er at det ofte kan vere vanskeleg å hugse «oppskrifta» som gjorde at det funka i ettertid. Eg likar å dra bruken av verkemidla eg brukar og ta dei heilt ut, til sitt logiske sluttpunkt, kan du seie. Det er nok derfor det eg lagar ofte blir oppfatta som ganske massivt. Eg er nok ein maksimalist. Og sjølv om eg i Heisenberg vil nytte berre éi lampe, så har eg tenkt det skal bli fargar.

Eg har alltid likt å leike meg med den teknikken eg har tilgjengeleg. Ofte nyttar eg Nintendo eller Playstation-kontrollar i staden for lysbord til å styre lyset med. Interessen for lysdesign blei vekt da eg gjekk på folkehøgskole og skulle lage noko visuelt til ein konsert. Eg hadde ein lysbildeframvisar tilgjengeleg, og så sette eg ulike lysfilter i diasrammene og eksperimenterte med å stappe inn ting som sukker og brunost. Dei seinare åra har eg brukt mykje video til å styre lyset. Eller bruke lys som ein gigantisk TV. Du kan eigentleg bruke kva teknikk som helst til å styre kva som helst. Det er forsking på høgt nivå!

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp. FOTO Siren Høyland Sæther