Kven er kven i Vårløysing?

Vårløysing fortel sterke historier om fleire einskilde unges lagnad. Her får du eit innblikk i kva grunnkonfliktar dei ulike strir med.

Handlinga i Vårløysing går føre seg på 1800-talet i ei tid da konservative normer og dogmatisk kristenmoral rådde. I dette samfunnet går jenter og gutar på ulike skolar, kjensler er noko ein skal halde for seg sjølv og dei veit ikkje korleis forplantinga går føre seg.

Melchior

Melchior er den kulaste i gjengen, han dei andre gutane vil vere. Han tenkjer mykje, les mykje og stiller vanskelege spørsmål dei vaksne ikkje likar. Melchior har eigentleg slutta å tru – på Gud, på lærarane, på foreldra sine. Frå no av skal han berre tru på seg sjølv.

Wendla

14 år gamle Wendla er ei prektig jente frå ein overklassefamilie. Ho vil at mora skal fortelje korleis barn blir til, men mora nektar. Til slutt gir ho etter, og fortel at for å få eit barn, må ein elske ektemannen sin av heile sitt hjarte.

Eit møte med Melchior i skogen, endar opp i valdtekt. Men Wendla er ikkje gift, så korleis kan det da vekse eit barn i magen hennar?

Moritz

Foreldra til Moritz kjem frå arbeidarklassen. Dei har ofra alt for at han skal få seg ei utdanning og løfte familien ut av fattigdomen. Om Moritz stryk på eksamen er han sikker på at far hans får slag og at mor hans kjem på galehus. Det vil dei ikkje overleve. Samstundes overstyrer kjenslene han har mellom beina ein kvar klar tanke, og det driv han til vanvit.

Martha

Marthas foreldrer oppdrar dottera med omfattande bruk av straff. Om så berre ei hårsløyfe er gått opp, kan ho bli slått, eller må sove ute i ein sekk som blir snørt igjen ved halsen. Når Martha ein gong sjølv skal få barn skal ho la dei få vekse vilt. Dei skal sleppe å stå som roser i bedet, bundne fast til stokkar og blomstre mindre sommar for sommar.

Ernst og Hänschen

Hänschen har tilgong på bilde av nakne damer i usømelege positurar. Likevel er det berre kompisen Ernst han har auge for. Men kva kjensler er det dei har for kvarandre?

Ilse

Ilse kjem ikkje frå ein halden eller god heim. Foreldra spør ikkje kor pengane kjem ifrå, så lenge ho kjem heim med pengar. Ho har fått seg jobb som modell for ulike kunstnarar inne i byen, og lever eit bohemsk liv med rus og seksuell omgang med mange og mykje eldre partnarar.