Bakgrunnsartikkel

Kva yrkesvalet har hatt å seie for livet

Dei har stått på scenen i 50 og 67 år.

TEKST Astrid Sletbakk TIL NYNORSK VED Arne Torp FOTO Siren Høyland Sæter

På scenen har dei, i tillegg til applaus, hausta yrkes- og livserfaring. I vår speler Britt Langlie, 71, og Toralv Maurstad, 90, to psykoterapeutar med så solid livs- og yrkeserfaring at dei kan sjå seg tilbake over aksla og tenkje gjennom kva yrket har gjort med livet og kva livet har gjort med yrket.

Dei to fann plassane sine i skodespelaryrket ut frå svært ulik ståstad. Britt Langlie voks opp i Trondheim, ein sjenert og innovervend jentunge som berre kjende seg heime i song og musikk. Eit sceneliv ville ho aldri ha mot til å velje. Toralv, son av dei namngjetne skodespelarane Tordis og Alfred Maurstad, stod på scenen alt som barn, men skodespelar var ikkje eit sjølvsagt yrkesval.

- Barndommen og ungdommen var morosam og spennande. Det var Nordfjord og det var Oslo. Det var krig og det var Sverige. 18-åringen som møtte freden i 1945 visste ikkje kva han skulle gjere med livet sitt. Da var det skodespelaren Johan Fillinger som foreslo teaterskole i London, fortel Toralv Maurstad og held fram:

- Det tende eg på. For London var både spennande og morosam, og alt morosamt og spennande var tiltrekkande. Men eg kom ikkje inn på første forsøk, og det gjorde noko med meg. Eg begynte å arbeide.

Det blir mykje leik når 6 erfarne skodespelarar møtest i prøverommet.

å finne retninga

- Og eg søkte aldri på nokon teaterskole. Eg var stille og hadde dårleg sjølvtillit. Som dyslektikar hadde eg problem på skolen, problem med å lære så mykje som eit salmevers utanåt. Men musikken hadde eg, og etter at eg begynte i koret ved Trøndelag Teater, vart eg også hospitant ved elevskolen på teatret, seier Britt Langlie.

Ho fortel at da ho ein gong fekk ein lang monolog – som skulle lærast utanåt – forma tankane seg rundt korleis det skulle gjerast, korleis ho skulle røre seg og kva ho såg som viktig i teksten. Det gav retning og form til presentasjonen.

- Da situasjonen stod klart for meg, losna det. Arbeidet med monologen gav eit fantastisk løft til ein spinkel sjølvtillit. Da oppdaga eg at eg kunne bidra med noko som ikkje var mine eigne ord.

Dei første stega langs ein nyvald yrkesveg kan vere vanskeleg. Nokre nye kodar må knekkast før vi innser og forstår kva yrket inneber. Britt Langlie og Toralv Maurstad vel begge dei same orda når de fortelle om dei tidlege opplevingane sine av faget skodespelar:
- Eg var sikker. Det var her eg ville vere.

Erik Hivju og Toralv Maurstad, den eldste i skodespelar-staben, stiller utan sko på prøve.

Må vere modig

I dag er begge mellom dei mest erfarne scenekunstnarane i landet. Britt kom til Det Norske Teatret i 1967 der ho mellom anna har vore sentral i satsinga på musikkteater ved teatret. Det går gjetord om hennar tolking av tittelrolla i Piaf, og ho har også utmerka seg i framsyningar av Tsjekhov, Strindberg, Brecht, Duun, Ibsen – og mange, mange fleire.

Da Toralv Maurstad kom ferdigutdanna frå London, førte han med seg ein friare, meir vital spelestil som var eit klart brot med den noko tyngre spelestilen i det vi kallar gullalderen i norsk teater. Komedien passa perfekt for han, og han blei heile Noregs Toralf da han i 1968 gjorde ein formidabel prestasjon som konferansieren i musikalen Cabaret på Centralteatret. Men han har også utmerka seg m.a. i roller av Ibsen, O`Neill, Shakespeare og Beckett. I tillegg har han regissert og vore teatersjef ved Oslo Nye Teater og Nationaltheatret – ein karriere der det tidvis har vore stormver i kasta.
- Mot, slår han fast. - Å vere skodespelar vil seie å byggje på seg sjølv.
- Du må alltid finne klangbotnen i deg sjølv når du arbeider med ei rolle. Grip du etter det du trur er ei allmenn løysing, blir det vekeblad. Dersom du vil lage noko du vil skal fungere, må du ha mot. Mellom anna mot til å gå mot instruktørens løysingar. Etter kvart lagrar du erfaringar som gir deg resursar du ikkje visste du hadde.

Er dei prega av yrkesvalet?

- For meg har kvar rolle vore å begynne heilt på nytt. Etter kvart har ein jo samla ei viss erfaring, men i kvar ny tekst må eg leite etter nye vegar for å finne fram til det rolla inneheld for meg. Med forståinga av rollefiguren kjem utforminga. Kvar rolle er ei reise, seier Britt. Nærkontakt, lesing og refleksjon over essensen i teksten kan gi god grobotn for innsikt, også når framsyninga er over, teppet har falle, og skodespelarane går ned av scenen og ut i det vi kallar verkelegheita. Tek dei kunnskapen med seg ut dit?

- Scenisk intelligens treng slett ikkje vere det same som intelligens i eins eige liv, meiner Toralv.
- Det kan sjølvsagt vere slik, men det trur eg kjem meir av personlegdomen enn av yrkeskunnskap. Eg kjenner skodespelarar som er opne, tolerante og rause kollegaer, men privat påhaldne og gjerrige. Eg har kjent skodespelarar som har eit utruleg godt grep på kva som fungerer på scenen, men slett ikkje alltid er kloke privatpersonar.

- Privat er eg tilbakehalden, held meg gjerne for meg sjølv. På scenen har eg spelt ei mengd galne, utettervende damer utan at det på nokon måte har verka inn på min eigen levemåte eller mitt eige livssyn. Ein lærer seg jo etter kvart som åra går korleis ein skal opptre sosialt imøtekommande, men djupast sett er eg i dag like reservert og sky som eg var da eg begynte ved Trøndelag Teater, seier Britt Langlie.

Det er fleire likskapar mellom det å vere skodespelar og det å vere psykolog eller psykiater. Kai Remlov, Erik Hivju og Toralv Maurstad på prøver.