Ein introduksjon til Lazarus´ univers

The Man who fell to Earth - Boka, filmen, oppfølgjaren.

I framsyninga Lazarus møter vi karateren Thomas Newton i det som skulle bli David Bowies bidrag til teaterscenen. Saman med den irske dramatikaren Enda Walsh skreiv han ein undergangsvisjon, eit draumspel eller ein dødsdans i det som fekk den talande tittelen Lazarus. Er Lazarus ei oppvakning, eller vårt einaste høve til å møte Bowies musikalske verk i liveformatet no som kunstnaren sjølv har vandra vidare? I møtet med Thomas Newton er det nærliggjande å lese Bowie sitt eige livsløp inn i karakteren. Likevel, Thomas Newton er ein fiksjonsfigur, ein av mange figurar Bowie har gitt liv til gjennom sin lange karriere. Han er like mykje eller lite Bowie som Major Tom, Ziggy Stardust eller Thin White Duke var det.

Kona til Lazarus forlot han på ein annan planet (her Mimmi Tamba), opptrer i tankeboblar.

Boka og filmen

I Lazarus løftar Bowie og Walsh nemleg fram ein gammal kjenning. Thomas Newton blei originalt spela av Bowie i sci-fi-filmen frå 1976, The Man who fell to earth. Filmen er basert på romanen med same tittel av Walter Tevis. I filmen kjem Newton til jorda frå ein annan planet. Det er tomt for vatn der, og no er han på jorda for å transportere vatn heim. På heimplaneten har han kone og born. Teknologien han har med seg frå den fjerne planeten gjer han svært rik og han skapar seg eit namn innan forretningsverda og han får vennar gjennom firmaet World Enterprise.

Eksen til Newton i denne verda, Mary-Lou, er også eit fjernt minne.

Etter kvart innleier han eit stormfullt forhold til ei kvinne kalla Mary-Lou. Ho introduserer han til sex, alkohol og søndagsgudstenester; ting menneske gjer. Samstundes som forholdet mellom Mary-Lou og Newton møter utfordringar, får Newtons konkurrent nyss om at han er eit romvesen. Identiteten blir avslørt, Mary-Lou bryt forholdet og Newton blir fengsla. Trass i at han klarer å flykte frå den fysiske cella si, er han framleis fanga i alkoholisme og depresjon. Filmen fekk blanda mottaking, men har med åra oppnådd ein viss status, ikkje minst på grunn av rolletolkinga til Bowie.

Valentin, Newtons nemesis, her i Petter Vermelis figur.

Musikalen

40 år seinare, byggjer Bowie og Walsh vidare på forteljinga om Newton. Han er nedbroten og alkoholisert, men med ein like ungdommeleg utsjånad. Han kan ikkje døy, han kan ikkje leve og han har gitt opp å komme heim. I ein surrealistisk atmosfære forsøker han forgjeves å drukne minna frå fortida i mengder med gin. På denne planeten er og blir Newton ein framand. Karakterane rundt han flakkar omkring og løyser seg opp, som i ein feberfantasi. Grensene mellom verkelegheit og fiksjon, fortid og notid, livet og livet bortanfor er viska ut og dei einskilde episodane blir stadig merkelegare og framkallar redsle og usikkerheit.

Mimmi Tamba som karakteren "Girl".

Er det ein hallusinasjon, eit delirium eller ein dødsaugneblink vi er vitne til? Spelar alt dette seg ut i Newton sitt eige sinn? Med undring kan ein følgje Newtons og hans forvirra ferd. Men å dele kjensla av utanforskap betyr meir enn å halde ho ut. I denne tilstanden av isolasjon og fortviling, men òg med stunder av håp, glede og sorg, er det mogleg å kjenne seg igjen i Newton. Nettopp denne forsikringa om at det er greitt å vere litt annleis er kanskje noko av det finaste Bowie har gitt oss.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Erik Berg