Ikkje self made

Korleis ter ein seg etter kor ein høyrer heime? Korleis påverkar klassebakgrunnen din deg i livet ditt? Har det hatt noko å seie? Av Nila August Andresen, ansvarleg redaktør i Minerva.

I Horvaths stykke Kasimir og Karoline møter vi folk frå ulike samfunnslag. Horvath viser korleis klassetilhøyrigheit pregar oss både når det gjeld moglegheiter og val. Vi spurde to profilerte skribentar på kvar si side i politikken om å skrive eit personleg essay om klassedimensjonen i Noreg i dag. Dette er Nils August Andresens tekst:

Dei fleste liker å tru at dei har lykkast sjølv. At dei er self-made.

TEKST Nils August Andresen, ansvarleg redaktør, Minerva

Ein ikkje opplagd fordel ved å kome frå ein familie som min er at det er vanskelegare å halde seg med ei slik livsløgn. Farfar var ikkje berre formann i Høgre på 30-talet; han åtte også Tiedemanns Tobakksfabrikk. I staden for eit adeleg «von» fekk etternamnet vårt i pressa det tvilsame tillegget «Tobakks-».

Som barn var eg likevel ikkje bevisst på klassebakgrunnen min. Det var for meg, som for mange, noko som kom da eg vart eldre og vart tvinga til å ha eit bevisst forhold til bakgrunnen min. Far min var forlagsmann, ikkje forretningsmann, og kvardagen var som for dei fleste andre i klassen – ein klasse som var trygt plassert i øvre middelklasse i Oslo, ein klasse som berre svært sjeldan blir tvinga til å ta stilling til konsekvensane av eigen klassebakgrunn.

Som at berre eit par–tre stykke frå klassen begynte på yrkesfag. Sjølv begynte eg, nesten som noko sjølvsagt, på Katta. Latinlæraren min har ei eiga side på Wikipedia og står oppført som «lærar, litteraturskribent og forfattar», og var gift med den dåverande leiaren i Nobelkomiteen. Etter vidaregåande studerte eg russisk i militæret. Også det verka som eit naturleg val. Der møtte eg flinke folk frå heile landet og vart inspirert til å studere i London, der eg kunne bu og studere utan å bekymre meg for kva det kosta. Seinare kunne eg ta deltidsjobb i synsarbransjen utan tanke på studie- og bustadlån.

Ei slik forteljing er også ei forteljing om klasse: om korleis økonomisk og sosial bakgrunn gjorde visse livsval enkle – og andre utenkjelege.

Ein kunne funne ein person med eit heilt anna utgangspunkt og vist fram ei forteljing som førte til fråfall i skulen, arbeidsløyse og kriminalitet. Eit tidleg og tydeleg eksempel i norsk litteratur er Jonas Lies Livsslaven frå 1883, der arbeidarklasseguten Nikolai bukkar under for samfunnsstrukturane og til sist hamnar i tukthuset. Ödön von Horváths Kasimir og Karoline, skrive i kjølvatnet av den store depresjonen etter 1929, gjer mykje av det same: Kasimir blir ein slave av omstenda.

Men verken mi eller Kasimirs forteljing gir god innsikt i korleis klasse formar Noreg i dag. På kvart steg av vegen i mi forteljing møtte eg andre med heilt ulik bakgrunn som enda opp liknande stader som eg. På russiskkurset pugga bondesøner frå dalstroka innanfor saman med diplomatbarn frå Wien. Lånekassen gjorde London tilgjengeleg for alle. Der mine val på Horvaths tid ville vore eit uomgjengeleg bevis på klasse, er dei i dag eit ullent indisium på ei blanding av økonomi, kulturell kapital, personlegdom og tilfeldigheiter.

Og motsett: Om Kasimir i dag, som i Horvaths stykke, mistar jobben, stiller samfunnet opp med trygd. Omfanget av sosial nød etter finanskrisa kan, iallfall i Noreg, ikkje samanliknast med den store depresjonen.

Økonomisk arv er framleis viktig på tusen små og nokre store vis. Men skal ein skildre korleis klassebakgrunn pregar livsval og -moglegheiter i Noreg dag, er ikkje livsslaven den beste modellen å setje opp. Den hjelper ikkje folk som meg til å forstå at vi ikkje er self-made.

Men han hjelper heller ikkje Kasimir i Noreg i 2018 – heller ikkje, som namnet kunne antyde, i arbeidsinnvandra utgåve. Skal Horvaths Kasimir gjerast viktig for eit norsk publikum i 2018, må han derfor vere ein heilt annan skikkelse enn originalen. Ja, kanskje hadde det vore betre å lage noko self-made, som betre fanga opp korleis sosial bakgrunn formar livsvilkår også i eit samfunn med eit stort sett raust sikkerheitsnett og sterkt subsidierte teaterframsyningar?

Da kunne til og med Kasimir ha interesse av å sjå stykket.