«eg får gåsehud når marie blokhus les frå bøkene mine!»

Når Marie Blokhus les høgt frå bøkene til Agnes Ravatn, tenkjer Agnes at «dette var faktisk ganske bra». Ho omtalar Marie som den beste skodespelaren frå sin generasjon!

På Voss leste altså Marie Blokhus frå Fugletribunalet, og kronprinsessa hadde bokbad med Agnes Ravatn. Boka er dramatisert for scenen og hadde urpremiere på Det Norske Teatret i fjor - til strålande kritikkar! Dette hadde Kronprinsessa fått med seg, og ho har sett stykket i tillegg til å lese boka. Ho fortel at stykket var fantastisk - og mest hadde ho lyst til å gå rett heim etterpå for å vere åleine og tenke over framsyninga, som ho opplevde som veldig sterk. Ho fortel lattermildt at ho dessverre måtte på ein stor middag etterpå - og ho grein av alle talene fordi ho var så prega etter å ha sett framysninga!

Kronprinsessa og Agnes Ravatn hadde mykje morosamt å snakke om - blant anna at Agnes fant på allverdens som barn. Det kjekkeste ho visste var liten var å skrive bøker. Ho starta mellom anna på eit nynorsk bibliotek over alle dyr - men kom dessverre berre til bever!

«Det må jo vere spesielt å sitte i skrivestua di og så få høyre at nokon ønskjer å formidle det du skriv som teater?» spør Kronprinsessa. Agnes fortel at dette nok noko av det sterkaste og flottaste ein kan oppleve som forfattar. Det er mest sånn at det kom så mykje godt for tidleg i forfattarskapet hennar!

Marie er framleis å sjå i rolla som Allis her på Det Norske Teatret, ei rolle ho faktisk fekk Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar for i fjor. Da vanka det mange gode ord frå juryen:
"Vinneren av Heddaprisen for beste kvinnelige skuespiller viser et sjeldent mot, og en sjelden evne, til å blottstille seg selv i den figuren hun portretterer. Hun får prisen for en usedvanlig nyanserik tolkning av en skikkelses indre tanker og følelser. Dette vitner ikke bare om en dyp forståelse av figuren hun bringer til live, men viser også en særegen evne til å være ærlig og åpen i sin formidling."

Ikkje rart Marie måtte felle nokre gledestårer rett etter tildelinga. Ei god kjensle å få anerkjenning for ein jobb ein har lagt så mykje av sjela si i!

Marie Blokhus vann Hedda-prisen for Årets beste kvinnelege hovudrolle i 2015.

Dagens konkurranse - vinn teaterbillettar og signert bok!

Svar på spørsmålet under, og ver med i trekninga av to billettar til Fugletribunalet eller eit signert eksemplar av boka.

Allis flyttar inn hos ein mann som treng hjelp til å holde huset og hagen i stand. Kva heiter han?