Bakgrunnsartikkel

Eit varsla mord 

Det er mogleg å kjempe for ein far du ikkje elskar. Det er nettopp det Édouard Louis gjer i si siste bok. No blir boka teater.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Kven drap far min er eit protestskriv på vegner av ein far. Ein far som har fått kroppen øydelagt av hardt arbeid på fabrikken. Som mistar retten til medisinar og får trygda redusert av politikarane. Ein far som lever eit liv ingen vil høyre om. Faren har ikkje eit namn, får aldri snakke. Men sonen, forteljaren i boka, er det franske litterære stjerneskotet Édouard Louis.

Louise brakdebuterte i 2014 med romanen Farvel til Eddy Bellegueule, ei personleg forteljing om eigen oppvekst på landsbygda i Frankrike, om behovet for å sleppe fri og byrje på nytt. Boka vekte debatt, og enkelte meinte Louis var for hard i skildringa av arbeidarklassen han sjølv kom frå. Det var eit blikk på staden han kom frå og folka han vaks opp med som hadde adoptert elitens tankar og idear, las enkelte. Ei skildring som sparka nedover, og ikkje forstod dei strukturane og politiske kreftene som stod ansvarlege. Skildringa av faren var like nådelaus.

For Louis er all litteratur politisk

Med Kven drap far min har Édouard Louis skrive forsvarstalen for arbeidarklassen, personifisert gjennom faren. I korte glimt frå oppveksten undersøker Louis skam, kjærleik og identitet. Det er Louis som gir si stemme til mannen som er dømt til ein for tidleg død av eit samfunn og ein politikk som ser på botnlinja, men ikkje menneska som lever der.

I samband med premieren på framsyninga Valdens historie, basert på hans andre roman med same namn, var Louis med i ein samtale på Det Norske Teatret. Her fortalde han mellom anna om sitt politiske prosjekt. Louis meinte at å publisere ei bok i seg sjølv er politisk. Det medfører at du har ei stemme i eit hav av diskursar, idear og meiningar. Han fortalde at han, med sin litteratur, ønskjer å konfrontere lesaren, og han bruker si eiga historie og insisterer på at det han skriv er sant. Og for Louis er nettopp det at romanane er frå verkelegheita ein vesentleg del av det politiske prosjektet: - På same måte som vi snur oss vekk når vi går forbi ein heimlaus person på gata, kan fiksjonslitteraturen bli eit verktøy for å snu seg vekk. Og eg tenkte: Korleis kan eg endre det? Dette er sanninga, sanninga er ubehageleg og litteraturen skal vere ubehageleg.

SJÅ INTERVJU MED ÉDOUARD LOUIS: - I think there are political novels, and liars, sa Louis da han blei intervjua i samband med dramatiseringa av Valdens historie.

Emil Johnsen og Kjersti Horn sette først opp Louis´ første roman på klubbscenen på utestaden Jæger i Oslo i 2015 til strålande kritikkar. Foto: Chris Erlbeck.

Å gjere noko synleg, er ei politisk handling

For Édouard Louis er det eit paradoks at for dei som har nesten alt, endrar politikken nesten ingenting. Det blir eit spørsmål om estetikk; ein måte å sjå seg sjølv og verda, og å konstruere ein personlegdom. For Louis og familien var politikk eit spørsmål om liv og død. «Det er ein avstand mellom dei som bestemmer, dei som bryr seg, og dei det påverkar,» skriv han i boka. Louis peiker på kven som er skyld i livet faren må leve. Faren er, i motsetnad til kva tittelen seier, i live. Men det livet han lever er brennmerka av politikarar som lever heilt andre liv. Politikarar som vedtek lovar dei sjølv aldri vil merke konsekvensane av. Historia om faren sin øydelagde kropp står som ei skulding mot den politiske historia, Emmanuel Macron, François Hollande, Manuel Valls, Myriam El Khomri, Martin Hirsch, Nicolas Sarkozy, Xavier Bertrand, Jacques Chirac.

Emil Johnsen og Preben Hodneland i Valdens historie frå 2017. Framsyninga omhandla ein sjølvopplevd valdtekt. Foto: Gisle Bjørneby.

Dei gule vestane

Kven drap far min kjem i ei tid der Frankrike opplever eit gryande politisk opprør. «Dei gule vestane» er ei grasrotrørsle som kjempar for endring i den økonomiske politikken i Frankrike. Demonstrasjonane starta i november 2018, etter at regjeringa varsla auka drivstoffprisar. Dei protesterer mot at tyngda av regjeringas skattereform fell på arbeidar- og middelklassen, spesielt i distrikta. Dei stadig større skilnadane mellom fattig og rik, og haldninga til den politiske eliten, fell saman med kritikken i Kven drap far min. Louis har sagt at han ser foreldra i menneskemengda som demonstrerer i gatene. Gjennom teksten forsøker Louis å reflektere over kor ulike liv vi har. Samstundes er han medviten om sin eigen privilegerte posisjon som kunstnar, og veit at han aldri kan nå heilt inn.

Dei gule vestane er ei opphavleg fransk, populistisk protestrørsle som kjempar for økonomisk rettferd. I 2018 arrangerte dei omfattande demonstrasjonar mot høgare drivstoff og høgare levekostnadar. Foto: https://freenews.live/

Eit kjærleiksbrev frå ein son?

Fleire har kalla boka eit kjærleiksbrev frå ein son. Og det er ikkje så merkeleg. Skildringa av faren, som vi får i denne boka, står i sterk kontrast til bildet av faren vi fekk i debutromanen. Det er framleis ein far som slit med å vise kjærleik til sonen sin. Det er ein far som heile livet har forakta det feminine og har blitt lært opp til eit maskulint ideal. Ein far som har vakse opp i ein kultur der å droppe ut av skolen er eit teikn på styrke, der homofobi og rasisme er naturleg, og alkoholen flaut fritt. Det er den same faren vi har møtt tidlegare, men historiene vi får her viser ein far som, trass alle omstende, ønskjer det beste for sonen. Sjølv dei usympatiske sidene ved faren blir skildra i eit til dels forsonande lys.

Louis sjølv har avvist at boka er eit kjærleiksbrev. - Det er ikkje eit brev, og eg er ikkje sikker på at eg elskar far min, fortalde Louis i eit intervju på Litteraturhuset i Oslo. Han fortel om faren at han var ein forferdeleg mann som stemte på ytre høgre, som øydela livet til mora, som ikkje ville at ho skulle bruke sminke, eller arbeide. Men, seier Louis, - eg treng ikkje å elske han for å kjempe for han. Og det er det boka handlar om. Eg skriv og kjempar for denne mannen, fordi denne mannen lid. Fordi denne mannen ikkje kan gå i ein alder av 50. Fordi denne mannen treng eit apparat for å puste om natta. Men eg bryr meg ikkje om eg elskar han eller ikkje. Kanskje eg elskar han, kanskje eg ikkje gjer det, eg endrar meining annankvar dag.

HOVUDFOTO Joel Saget / AFP / NTB scanpix

Edouard Louis. Foto: Nora Lorek / TT / NTB Scanpix

Teksten er publisert i 2019.