Bakgrunnsartikkel

Ein villstyring til scenen

I haust skal Petter Næss ha regi på stykket om ti år gamle Per-Viggo, som har vanskeleg for å sitte stille. På skolen kallar dei han berre HyPer. Sjølv har Petter Næss eit stort hjarte for ungar som ikkje passar inn i dei nokså tronge rammene av i dag.

- Kven er HyPer?
HyPer er ein gut på snart 10 år som har maur i buksa og stort sett kolliderer med både seg sjølv og omverda. Han er ein fin fyr som det er litt vrient å handtere. Så vrient at korkje mora eller skolen klarer å få kontroll på han. Han har ingen venner, og den stumme søstera hans er den einaste han kan snakke med. Det er rett og slett ingen som er så veldig begeistra for HyPer. Ingen inntil han blir kjent med rektor Grå. Ein gammal kar som er like oppglødd over gamle faraoar som HyPer sjølv. Det utviklar seg eit underleg og morosamt forhold mellom den viltre guten og den hjartesjuke og pensjonerte rektoren.

- Har du nokon gong kjent slektskap med HyPer?
På eitt eller annet plan har eg jo kjent fortvilinga over å ikkje bli forstått eller bli akseptert, men ikkje på same måte som HyPer og andre barn i liknande situasjon. Da eg gjekk på skolen i førre hundreåret, hadde vi noko som heitte "hjelpeklassa", og eg hugsar den brokete gjengen som tusla over skolegarden på veg til noko som ikkje hjelpte så veldig mykje. Det var dei villaste gutane, for dei var for det meste gutar, som på den tida ikkje hadde annan diagnose enn at dei var umoglege og bøllete. Men dei var morosame å vere saman med. Somme var litt skumle, men dei fleste var berre akkurat så galne at det skjedde morosamare og villare ting når ein var saman med dei. Dessutan var det alltid dei som fekk skulda, anten dei hadde gjort det eller ikkje.

- Kvifor er det fint å setje opp ei framsyning om gutar i denne alderen?
Det er viktig å gi ei stemme til dei som kjenner seg annleis. Vi heiar jo stort sett på antiheltane. Dei som gjer galne ting vi ikkje tør gjere sjølve. Som Pippi og Emil. Det er klart det er mange av desse ungane som har det vondt, men eg er også redd for at rommet for det eg kallar "heilt normal galskap" blir mindre og mindre. Altfor tidlege krav om studieretning og prestasjonar saman med eit hysterisk tryggingsbehov trur eg er med på å hindre leik, slåssing, klatring i tre, skrubbsår, hyling og grining. Det å ikkje få eit visst utløp for alt som kravlar og krafsar inni ein, trur eg berre det er medisinindustrien som tener på. Eg trur ikkje det var betre før, korkje for gutar eller jenter, men ungar har rett til utvikling og å få vere slik dei er. Medisinering med sentralstimulerande middel står for meg som ei lite eigna tilnærming for å styrke ungars rettar og livsutfalding.

- Kva skal ungane få oppleve på teateret?
Dei skal få oppleve ei visuell og frodig framsyning om ein ganske vilter fyr. HyPers frigjerande evne til å opponere og følgje eigne vegar er ei forteljing om at sjølv dei mest håplause har masse å bidra med, berre dei får høve til det.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Eigil Aasen