Ei kort innføring i eventyr

«Det var ein gong ...», slik opnar det, og med ein gong skjønar du at det handlar om ei forteljing der alt er mogleg, eit eventyr, skriv høgskolelektor i forteljarkunst, Heidi Dalsveen.

Les også om familieframsyninga Nila og den store reisa.

Eventyr, eit ord som kanskje får deg til å tenke på ei reise der ei overrasking ligg på lur under ein busk, eller ein skatt som skal oppdagast, slik at du kan reise heim eller dra vidare med ny visdom. Uansett, ordet innbyr til noko

uvanleg, og understrekar at noko skjer bortanfor tid og stad. Ordet blir ofte assosiert med noko som ikkje er sant, men det er ikkje heile sanninga. Eventyret tilhøyrer fantasiens domene, men det byggjer på folks erfaringar i møte med omverda, utforma av gode forteljarar. Eventyret er fiksjon, men representerer menneskeleg erfaring.

Gjennom generasjonar har eventyret ført vidare nedarva visdom med særleg omsorg for dei minste, dei mest utsette. Nokre eventyr skildrar ei overnaturleg verd, talande dyr, magiske gjenstandar og menneske med uvanlege eigenskapar. I denne verda opptrer det også eit heilt vanleg menneske, ein hovudperson. Hovudpersonen er den unge, på veg inn i vaksenlivet. Håpsforskar Marit Akerø seier at hovudpersonen i eventyret eig håpets kvalitetar gjennom mot, nysgjerrigheit og ei evne til aldri å gi opp.

Samfunnet ser på hen som udugeleg, hen er den minste, den yngste, den tilsynelatande evneveike, til hen brått vaknar og ryddar opp i den ubalansen verda er kommen i. Det er som om etablerte, men undertrykkande og normerande tankesett, rett og slett trollet, må vike for ungdomens nye tankar og idear.

Catharina Vu spelar Nila i familieframsyninga "Nila og den store reisa", som er eit eventyr på Hovudscenen. Foto: Fredrik Arff.

Mange av eventyra isolerer hovudpersonane heilt, dei blir fråtekne den trygge basen, familien, nokre av dei er også foreldrelause. Dei kan også bli utsette for mishandling og eller mobbing. Men ikkje berre kan dei vere utan familie, i tillegg må dei ofte reise vekk frå sivilisasjonen.

Det har hendt at eventyr har blitt kritisert for å vere for brutale, at den unge i desse forteljingane møter for aggressive element som død, truslar, vondskap, kannibalisme, mishandling og tortur. Her er mødrer som vil hovudpersonane til livs, troll som vil ete dei, røvarar som vil partere dei, hekser som vil koke dei, dragar som vil brenne dei og brør og søstrer som ikkje vil vere i familie med dei.

Slike element er med fordi eventyret tematiserer utfordringar i livet. Den grunnleggjande dramaturgien i eventyret er det binære konseptet, det bygger opp motpolar, slik at ein lett kan trekkje ut den lærdommen ein sjølv treng. Eventyret moraliserer ikkje med læresetningar, pyntar ikkje på utfordringane, men viser gjennom handlingar kva for veg det er klokt å gå. Det brutale er med for å gi hovudpersonen den nødvendige motstanden hen treng for å vokse og ta ansvarlege val. Eventyret fortel og at ein ofte kjem til å velje feil, du bør iallfall prøve minst tre gonger før du finn den rette løysinga. Eventyret nyttar dessutan symbol for å illustrere redsla slik at du kan handtere henne.

Hovudpersonen er i førstninga isolert. Etter kvart som eventyret skrid fram, viser det seg at hen likevel ikkje er aleine, hen har hjelparar. Desse hjelparane er gjerne eit dyr, for i eventyret kan det dyriske framheve det menneskelege. Saman med hjelparen finn hovudpersonen vegen i det kaoset som omgir hen, slik at forteljinga endar godt.

TEKST Heidi Dahlsveen, forteljar og høgskolelektor i forteljarkunst ved Høgskolen i Oslo.