Dette er døtrene til kong Lear

Lear er konge av Brittannia, men er blitt gamal og gidd ikkje regjere lenger. Han vil heller nyte livet med kompisane sine, ete god mat og drikke seg full. Han deler opp riket i tre delar han vil gi døtrene sine. Men først vil han høyre kor høgt dei elskar han...

Ane Dahl Torp er Goneril

Goneril er den eldste av Lears døtrer. Opportunistisk av natur, vond og svikefull, besett av makt. Ho ser faren som ein gamal tulling ein kan snakke etter munnen for å få det som ein vil, og har ingen problem med å lyge når han ber døtrene erklære sin kjærleik for å få sin del av kongeriket. Ho skyr ingen middel for å få det som ho vil, om det er makt eller den mannen ho vil ha til sengs.

Nils Jørgen Kaalstad er Regan

Den mellomste av Lears døtrer. Regan er maksjuk og vond, lik søster si, og har heller ingen problem med å komme med ei falsk kjærleikserklæring når faren ber om prov på at ho elskar han. Seinare ryk både Goneril og Regan uklar med faren. Regan blir ektemannens medsamansvorne i å stikke ut auga på Jarlen av Glocester som straff for at han skal ha hjelpt faren, og ho drep sjølv tenaren som vil forhindre dette.

Judy Nyambura Karanja er Cordelia

Cordelia er den yngste dottera, Lears favoritt. Ærleg, med eit godt hjarte. Ho synest ikkje at kjærleiken ho på ekte kjenner for faren treng å bli bevist, og nektar å komme med ei slik erklæring for å få sin del av kongeriket. Ho har gjennomskua søstrenes spel. Dette vekker eit enormt sinne i Lear. Han støyter henne ifrå seg og som straff blir ho forvist og gjort arvelaus. Den eine av hennar to beilarar, Kongen av Frankrike, vel likevel å gifte seg med henne, han ser det vakre i at ho er ærleg.

Les meir om LEAR her.