Det handlar om å leve, for faen!

I haust skal den kvikke raudluggen dei fleste nok kjenner som Eivind Brattskjær i NRK-serien Heimebane debutere på noko han definitivt opplever som bortebane – nemleg som dramatikar for teaterscenen.

- Eg har tenkt mykje på at mange vel å gå i det vante, heng fast i gamle mønster, tværar ved gamle forhold som er over. Romantiserer eller demoniserer forholdet og synest synd på seg sjølv, seier Rolf Kristian Larsen og sender eit stødig, lysegrønt blikk over bordet.
Rolf Kristian voks opp som barn av Stavanger-bølgja innan film, og har ei lang rekkje både film/TV- og teaterroller bak seg allereie: Som Jarle Klepp i filmatiseringane av Tore Renbergs romanar for eksempel, og no sist som den beste spelaren på fotball-laget Varg i Heimebane. Han har også skrive for og regissert film. Men når han debuterer som teaterdramatikar, handlar det ikkje om rotlaus Stavanger-ungdom som ikkje finn meininga med livet. Nei – det handlar om ei dame som har passert midten av forventa levealder, ei dame som har levd i skuggen av sitt eige liv. Ei dame så dørgande kjedeleg at ho mest har blitt dei enorme brillene ho ber på nasen. Dei er det einaste ein ser. Derfor har han berre kalla henne for Brille.

Brille i l.i.f.e.g.o.e.s.o.n. jobbar i kommunen. Ho har vore enke i veldig mange år, men går framleis rundt og snakkar med mannen sin. Dottera, som faktisk bur heime, snakkar ho derimot ikkje så mykje med.
- Samstundes trur eg mange drøymer om noko ein har lyst til å gjere, men ikkje får tid til, prioriterer eller tør. Lever for barna eller familien, men ikkje for seg sjølve, for eksempel, held den ferske dramatikaren fram.
Brille får vite at ho har veldig kort igjen å leve, og dette utløyser eit forseinka ungdomsopprør. Publikum får bli med på eit døgn der ho gjer alt det ho ikkje har gjort dei siste 25 åra, og det blir både komisk og djupt tragisk å vere vitne til.

Det er Heidi Gjermundsen Broch som skal spele rolla som Brille, og Rolf Kristian hadde faktisk tenkt på henne medan han skreiv på manuset.
- Kven er det som kan takle overgangen frå å vere ekstremt introvert til å bli ekstremt ekstrovert på mest interessant vis? Eg tenkte på Heidi. Ho er først og fremst ein vanvittig dyktig skodespelar, som eg beundrar. Som person er ho mild, snill, jorda og høfleg, men så ligg det liksom noko og syder og kokar under overflata. Ein råskap. - Så det er veldig artig at det faktisk blir henne som skal spele rolla! Ho er den eg trur best kan få fram potensialet som ligg i Brille-karakteren.

Rolf Kristian har skrive filmmanus før, men sakna å få breie seg ut poetisk, filmformatet er veldig stramt.
- Teater er ei mykje meir magisk og drøymande verd. Så eg utfordra meg sjølv til å skrive 20 sider og sjå om eg klarte å lage noko som likna på teater.
Han sendte dette av garde til ein av dramaturgane på Dramatikkens hus, og fekk til svar at dette måtte han berre skrive vidare på, og så er det altså blitt ei heil teaterframsyning av det.
- Eg prøver sjølv å ta sjansar, men merkar at også eg har det med å safe, påstår den debuterande dramatikaren.
- Eg går på butikken, går heim, legg meg på sofaen, spelar sjakk, innrømmer han, og slår blikket tankefullt ned i bordflata.


Det er likevel vanskeleg å sjå nokre ytre likskapar mellom hovudkarakteren Brille og Rolf Kristian Larsen. Der ho har gløymt å ha det gøy, verkar Rolf Kristian som ein som veit å bruke tida på det han sjølv likar. Han har for eksempel heile tida dyrka sin store hobby Fotballen ved sidan av jobb. Ein periode sprang han til og med rundt med «Garborg» bak på T-skjorta, da han spelte på bedriftsidrettslaget til Det Norske Teatret. No om dagen driv han sitt eige handplukka lag av venner og kjente, i tillegg til at han trener til maraton. – Noko han heller aldri hadde gjort før, men når kjærasten skulle, så måtte han også, dersom han skulle få sett henne. Premierekvelden blir likevel litt som å hoppe ut i det igjen. Det er trass alt ikkje kvar dag ein debuterer som dramatikar, og det kjennest personleg.
- Det er veldig skummelt, eg kjem til å kjenne meg heilt avkledd, seier han, medan han ler.
- Det gjeld å samle på augeblikk av glede, gi slepp og finne sitt eige, ikkje gå rundt og vere så himla redd for kva framtida kan bringe av smerte. Vi må rekke å leve før vi dør!



TEKST Åsne H. Dahl Torp FOTO Siren Høyland Sæter