Det fins ei bok for alle! boktips frå skodespelarane våre. .

Kronprinsesse Mette-Marit har fleire gonger på Litteraturtoget sagt at det fins ei bok for alle.

Kva bok har du lest som du har lyst til å anbefale andre? Del på Facebook, Twitter eller Instagram. Kanskje blir det di bok som blir å finne i bokhylla til Kronprinsessa neste gong Litteraturtoget er på skinnane?

Frank Kjosås les boka til Jan Roar Leikvoll - Songfuglen. Kanskje ikke så rart - han skal nemleg spele i den dramatiserte versjonen av denne boka på Det Norske Teatret til hausten!


Gard Skagestad anbefaler Arto Paasilinna - Kollektivt selvmord. Rett og slett fordi det er herleg fins svart humor!

Amell Basic anbefaler Den opne Handa av PJ Harvey og Seamus Murphy - fordi PJ Harvey er rå! Ei stille diktsamling som etterlater eit høgt ekko av mørker og vonløyse, men også eit glimt av håp.


Gjertrud Jynge anbefalar Finne ly av Aina Basso: fordi dette er ei viktig forteljing frå romanifolkets nære forhistorie.

Axel Gehrken Bøyum: Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Axel seier: "Eg er ingen stor lesehest, men denne likte eg. Ein tragikomedie om å vere redd for å bli sett og redd for å ikkje bli sett."


Julie Moe Sandø anbefaler: seine topografiar, trådreiser og solaris korrigert - dikt av Øyvind Rimbereid. Fordi Fri betyr tid! For eksempel tid til å grunne på litteratur som utfordrar meg og tar plass, som Øyvind Rimbereids heilt eigne språk og univers:
Eg tenkte litt på at me seie "nye dagar" At me med det ikkje meine gode dagar eller vonde. Men bare at dagar ska komma, dagar komma"

Renate Reinsve: "Fra gateplan i sola Lena Andersson- rettsstridig forføyning, leser mellom slaga når Herzog blir for tungt og teoretisk. Den er fantastisk!"