Bakgrunnsartikkel

Desperat forelska

Axel Gehrken Bøyum er 20 år. Kjersti Dalseide 29. I vår er det dei to som skal spele det desperat forelska unge paret som vel døden framfor å leve utan kvarandre.

TEKST ÅSNE H. DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER STYLING OSKAR ANDREAS PASK STEEN/YME/PALEET SMINKE KICKS/PALEET

Korleis var første møte med Romeo og Julie?
KJERSTI: Oj! tenkte eg. Eg såg Baz Luhrmanns filmatisering av Romeo og Julie første gongen ein gong på ungdomsskolen. Lagnaden deira trefte meg med det same. Det var så levande, liksom.

AXEL: Kjempekjedeleg! tenkte eg. Vi brukte friminutta på barneskolen til å sjå filmen. Eg var kanskje litt ung, hehe. Eg såg han opp att nokre år seinare, og da var det ei god oppleving. Språket treffer meg spesielt. Det er jo så vakkert! Det blir ei stor oppgåve å setje seg inn i. Eg skal ikkje berre seie at ei jente er pen, men eg skal seie det med fyndige ord over ei halv side.

KJERSTI: Og det er jo heilt drygt det der med å bryte med familien for kjærleiken. Ekstremt modig. Dette er inga florlett forelsking. Romeo og Julie har ein enorm viljestyrke. Og Julie har skikkeleg bein i nasen! Personleg har eg aldri opplevd noko slikt. Men eg trur at det innanfor visse miljø kan skje liknande ting i dag. Dette er Romeo og Julies første ordentlege forelsking.

Kva minne har de sjølve frå dykkar første møte med kjærleiken?
AXEL: Første gongen eg var forelska, var i barnehagen. Seinare blei kjenslene og forelskingane sterkare, og eg visste ikkje kva eg skulle gjere dersom det blei slutt. Men når du blir større, skjønar du at livet går faktisk vidare, sjølv utan den personen.

KJERSTI: Eg var nok også mest avstandsforelska i ungdomsåra. Og ein meister til å dagdrøyme! Ein gong då eg var 16 år, sneik eg meg vekk frå ein nyttårsfest klokka tolv for å møte ein gut. Han var på ein annan fest, så vi møttest på halvvegen med kvar vår spark. Eg fikk mitt første nyttårskyss der i skogen, og sparka heim i lykkerus.

Familiane til Romeo og Julie er fiendar, derfor kan dei ikkje få kvarandre, og derfor må dei gå i døden for kvarandre. Korleis hadde det gått dersom dei kunne fått kvarandre?
KJERSTI: Det er jo eit heilt nytt stykke! Men dei ville jo blitt betre kjende enn dei blir i dette stykket. Det kunne sikkert gått begge vegar. Men eg opplever at dei ser kvarandre veldig som menneske. Eg likar å tru at det hadde gått bra!

AXEL: Vi strevar jo alltid etter det vi ikkje kan få. Det som er forbode, blir ekstra spennande. Det er vanskeleg å seie korleis det hadde gått dersom det ikkje var ein premiss...

Romeo og Julie møter kvarandre på eit ball, og det er kjærleik ved første blikk. I dag sjekkar folk kvarandre opp på Tinder, Sukker og match.com. Er moderne kjærleik meir overflatisk?
KJERSTI: Eg trur kjærleiken er like sterk, men kanskje sjølve sjekkinga er litt meir overflatisk. Eg trur vi blir meir kritiske. Kjærleik har jo mest blitt ei kommersiell greie. Kanskje den neste personen ein møter er enda meir rett? Kanskje var det lettare å velje å «gå for» nokon før. Eg elskar for eksempel romantiske filmar som Notting Hill, eg forventar den kjensla når eg møter nokon. Men det er vel ikkje alltid heilt slik i verkelegheita. Du er jo ein veldig ung Romeo. Sjølv om han skal vere ung, blir denne rolla vanlegvis spelt av skodespelarar som er langt eldre enn du...

AXEL: Ja, eg har jo ganske kort erfaring. Eg føler eg har snike litt i køen! Men derfor kjenner eg også at eg må jobbe desto hardare. Eg kjenner presset, for å seie det slik. Det er veldig spennande! Men eg er klar over at eg er heldig. Det er dette eg vil gjere, eg kan ikkje tenkje meg noko anna.

KJERSTI: Det er på ein måte som ei forelsking, dette med teater. Eg har prøvd å gløyme det. Men eg har måtta komme tilbake. Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor ein blir forelska i ein person, og nett slik er det også med teater. Det er ein lidenskap, akkurat som kjærleiken. Her er jo Romeo og Julie ei stor inspirasjonskjelde. Dei tek vanskelege val, bryt med konvensjonane og går ekstremt langt for det dei trur på og følgjer hjartet sitt!