Den som ikkje kan forhandle

Kva står øvst, lovene i eit land, eller det som kan reknast som evige lover med grunnlag i religion eller moral?

Lesetid: 3.30 minutt

I Antigone, skrive av den store tragedieforfattaren Sofokles i 442 f. Kr., er det ei usemje i dette spørsmålet som splittar både ein familie og ein stat og syter for at det er fleire døde enn levande att av hovudpersonane når det heile sluttar. Men kvifor går det så gale, kvifor blir konflikten så uforsonleg?

Kong Kreon, spelt av Jon Bleiklie Devik, står i eit stort dilemma. Skal han vise seg som ein sterk leiar, eller skal han vise menneskelegheit og spare livet til niesa, som også er trulova med sonen hans?

Det er ein perfekt storm Sofokles piskar opp. Den greske bystaten Theben prøver å komme til hektene etter ein øydeleggande borgarkrig. I den krigen har to brør, Polyneikes og Eteokles, søner av den blinde kong Ødipus, kjempa på kvar si side. Begge vart drepne i krigshandlingane, og det er nå brørnes onkel, Kreon, som er blitt konge.
Kreon er ein fersk og uerfaren leiar som nok kjenner behov for å stadfeste sin autoritet.
Han kunngjer at Eteokles er å rekne som ein helt og skal få ei storfelt gravferd, mens Polyneikes var ein forrædar som skal ligge utan å bli gravlagd, så dyr og fuglar kan ete av liket. Den som likevel gravlegg Polyneikes, skal dømmast til døden.

Men dette aksepterer ikkje brørnes søster, Antigone. Ho gravlegg bror sin og blir arrestert, og Kreon innser at han har tvinga seg sjølv til å gi si eiga niese dødsstraff. Men ingen av dei to vil vike og blir fanga i ein dødeleg spiral som dreg dei nedover.

Opprøraren

Det finst mange historier om akkurat slike tvikampar, om den etablerte orden mot opprøraren, om systemet mot idealisten, der de eine av dei to er ein utvitydig helt og den andre en like klar skurk. Alle har sett filmar om jakta på terroristen som set si eiga tru eller sin eigen agenda over omsynet til den allmenne orden eller andres liv og tryggleik — der den som jagar oppviglaren, kan vere Carrie Mathison eller James Bond, utrøyttelege representantar for det offentlege.

Antigone (Sara Khorami) insisterer på å gravlegge bror sin, sjølv om ho veit det vil koste henne livet.

Men alle er også godt kjende med historiene om den einslege helten, eller den vesle gruppa, som kjempar mot eit undertrykkande og urokkeleg system — det vere seg i The Hunger Games eller forteljingar om dissidentar i eit diktatur eller motstandsfolk i krig.
Vi reagerer når nokon hevdar at dei ser på ein heilag tekst som ei lovsamling som står over grunnlova i eit land, når dei ser på dei som tenker annleis ikkje som motdebattantar, men som vantru, forrædarar eller femtekolonnistar.
Men vi blir rørte av dei som kjempar mot regime som manglar moralsk legitimitet, og som risikerer liv og helse for å vinne grunnleggande rettar, ofte på vegner av langt fleire enn seg og sine. Men når det gjeld vårt eige liv, veit alle eigentleg at det er snakk om å finne ein balanse mellom dei to — mellom det å vere lovlydig og sjølvstendig, mellom å arbeide med fellesskapet og å hevde sine eigne behov. Plikter må vurderast mot rettar, statens rett til å styre mot individets rett til å utfalde seg.

I liberale demokrati har vi organisert oss slik at borgarane må følgje lovene, men har rett til å kritisere dei ope og arbeide for å få dei endra. Det finst også eit bolverk mot maktovergrep i at dommar blir avsagde felles av ein uavhengig instans, domstolane, slik at lovverket ikkje skal kunne brukast av styresmaktene til rein forfølging.

Steile frontar

I Antigone er det ikkje så mykje snakk om å tippe vektskåla i den eine eller den andre retninga; snarare er vi vitne til to altfor rigide representantar for kvar sitt syn. Kreon fryktar, ikkje utan grunn, at alternativet til ei streng handheving av lovene er kaos, at folket kan bli splitta og borgarkrigen blusse opp igjen.

Dette er slik mange historisk harde leiarar har argumentert for at dei må slå hardt ned på alle som set seg ut over lovene: Ein ser for seg at dersom autoritetar blir svekka, vil det vere fritt fram, kaos og anarki, eit samfunn som går opp i liminga.
Like absolutt står Antigone på at ho ikkje kan akseptere ei lov ho bestemt meiner er i strid med eit overordna omsyn og ei større forplikting.
I dei lange, ubøyelege resonnementa hennar høyrer ein røysta til sjølverklærte martyrar, revolusjonære og varslarar, alle dei som held prinsippa sine så høgt at dei ikkje kan fire ein tomme, og dermed ser seg tvinga til å akseptere konsekvensane, kva enn dei måtte vere. Det finst ikkje noko forhandlingsrom. Kampane mot korrupsjon så vel som mot undertrykkarar er avhengige av slike personlegdommar, men dei kan også vere særs vanskelege å ta stilling til.

Personlegdomstrekk hos varslarar

Professor C. Frederick Alford ved Universitetet i Maryland har forska på varslarar og funne ut at dei har visse fellestrekk i personlegdommen. Funna hans verkar relevante for den som ser Antigone og tykkjer det kjennest nært.

Haimon (Christian Ruud Kallum) prøver å appellere til far sin om å snu i tide og la Antigone gå.

Alford skildrar eit folkeferd som ikkje nødvendigvis deler politisk syn, men som har det sams at dei ikkje helt har utvikla den vesle kynismen som for dei fleste andre er ein del av det å bli vaksen. Så når andre menneske juksar, lyg, tek seg til rette eller lagar urettferdige reglar, blir varslaremna meir opprørte enn andre.
Alford seier at varslarane han har snakka med, ikkje følte at dei hadde noko val, at dei ikkje kunne leve med seg sjølve om dei ikkje gjorde opprør eller snakka ut.
Dette minner om den absolutte Antigone. Det er også ei side av saka at mange av dei som ender opp som varslarar eller rebellar, strevar med relasjonar, med samliv og vennskap, der kompromiss og tilpassing er nødvendig. Når Antigone gravlegg den døde broren sin, øydelegg ho ikkje berre for seg sjølv, men også for søstera Ismene og festarmannen Haimon, som er glade i Antigone og ikkje vil miste henne.

Kvifor går det gale, når det går gale?

Antigone endar dystert fordi dei to som står mot kvarandre, insisterer for sterkt på at dei har rett. Men det er også eit spørsmål som har eit enda meir eksistensielt svar, og som ei heil rad av tragedieforfattarar har forsøkt å kaste lys over gjennom hundreåra.

Litteraturteoretikaren Erich Auerbach har jamført den greske tragedien med Shakespeare-tragedien, som veks fram nesten tusen år seinare. Han har peika på korleis tragediane som blei skapte i det gamle Hellas ofte heng saman med lagnaden.
Hovudpersonane blir i stor grad offer for nokre veldige dominobrikker som berre fell feil. Gudanes innfall og leie spådommar spenner bein på dei.
Med Shakespeare blir tragedien meir individuell. Det går gale med folk fordi dei er som dei er, fordi dei har unike eigenskapar og kompleks som får dei til å ta bestemte val i pressa situasjonar, og som viser seg å få øydeleggande konsekvensar for dei. Når dei kavar rundt i sitt eige hovud for å prøve å finne ut av kvifor det gjekk som det gjekk, blir det ofte ei sjølvransaking, dei må tenke over sine eigne svake sider og sin eigen blindskap. I mange av dei greske tragediane prøver hovudpersonane snarare å finne ein måte å akseptere lagnaden på, å takle lidinga, kanskje stille eit matt spørsmål om korleis det kan ha seg at det er så mykje liding.

Kunne tragedien vore unngått?

Antigone er ikkje så enkel å plassere. Antigones far, Ødipus, blei offer for ein spådom. Men både for Antigone sjølv og for Kreon verkar tragedien sjølvforskyldt. Dei blir ikkje styrte av noko anna enn si eiga overtyding.

Kong Kreon (Jon Bleiklie Devik) ønskjer at Antigone skal bøye av og seie ho ikkje gjorde det, men Antigone (Sara Khorami) nektar å ikkje stå for det ho har gjort. Veslesøster Ismene (Renate Reinsve) ønskjer å stå i stormen i lag med søstera, men blir avvist.

Det kjennest som om det heile kunne vore unngått. Men den som sit og følgjer Antigones veg mot undergangen på teaterscenen, lever sjølv i ei verd der alle seier at samfunnsdebatten er blitt for polarisert, samtidig som ingen ser ut til å klare å motverke sentrifugalkrafta; der oppsiktsvekkande mange amerikanarar er meir rasande på andre amerikanarar enn på ytre makter som blandar seg inn i presidentvalet deira, og der norske politikarar må ha politivern — alt saman framkalla av eit politisk verdssyn, som igjen er forankra i noko djupt personleg, og som forstemmande mange insisterer på å setje ut i livet på ein så aggressiv måte som mogleg.
For den som trur at den andre ikkje er ueinig, men umoralsk, er det vanskelegare å svelgje dei kompromissløysingane som politikken krev.
Ingen kan heilt vite kva for ein politisk røyndom Sofokles levde i da han skreiv tragediane som han vann så mange prisar for i heimbyen Athen. Ingen kan vite kva han ville kommentere med historia om den unge jenta som vel vekk livet for å gjere det ho meiner er rett. Men det var ikkje den einaste gongen dei stykka han skreiv, kan kjennast nære og relevante.

TEKST Inger Merete Hobbelstad, litteraturvitar og kommentator/filmkritikar i Dagbladet.
TIL NYNORSK VED Arne Torp
FOTO Erika Hebbert