Dødens diktar

Olav Nygard (1884-1924) blir rekna som ein av mellomkrigstidas fremste norske lyrikarar. I dag tilhøyrer han den sentrale norske lyrikkanon.

Nygard nytta eit klangsterkt og bilderikt poetisk uttrykk og var ein ordkunstnar det er vanskeleg å finne parallellar til i norsk litteratur. I dikta sine nyttar han gjerne eit blømande, arkaisk nynorsk, noko som gjer at dei kan bli oppfatta som noko vanskeleg tilgjengelege. Men for dei som knekker språkkoden, kan dikta opne ein større himmel gjennom eit sjeldan rikt bildespråk.

Nygard var både romantikar og tidleg modernist, og kjensler blir uttrykt gjennom bilde frå naturen. Han blir ofte omtalt som «dødens diktar» fordi dikta hans ofte uttrykkjer både lengt etter og angst for døden. Men han skreiv også om kjærleik, liding, slekters gang og sjølve skaparverket.

Før han debuterte som lyrikar, var Nygard del av Det Norske Spellaget, forløparen til det som seinare blei til Det Norske Teatret. Han budde i Asker hos Hulda og Arne Garborg og turnerte Noreg i lag med Hulda og resten av Spellaget frå 1910-1911. I 1913 debuterte han som lyrikar, men hausta aldri stor merksemd i si levetid. For å livnære seg og familien, arbeidde han som snikkar, verftsarbeidar, bryggjeriarbeidar, bonde og småbrukar. Mot slutten av livet sitt blei han sjuk av tuberkulose og døydde, berre 40 år gamal.

Det er eit herlegt lite arbeid; høyrer til det beste og er, trur eg, det finaste, me hev av lyrikk på norsk.

Arne Garborg om debutboka til Olav Nygard, Flodmaal.

Kjelder:

Norsk Biografisk Leksikon
Allkunne


VELKOMA, NATT

Velkoma, natt, mi sjukedros
min hjarteven, med skymingshatt.
Gjer upp mi seng, sløkk alle ljos,
drag duken fyr, lat døra att.
Eg kjem i dag or livsens brand
med sår eg ottast aldri gror;
men stell det med di mjuke hand
so vert kje verken fullt så stor.

Og fyll mitt staup med draumevin,
og legg so hit mi minnebok,
og so mitt vesle sæleskrin,
det store var det branden tok.
Og takk fyr hjelpa, skymingsdros.
Kor ofte må du koma att
fyrr ho vil sløkkje mine ljos
di mor, den djupe ævenatt?