Bildet som inspirerte meg

- Fotoet talar for seg, men poenget er at den kollektive forteljinga om krigen er oppbygd av fragment, seier regissør Erik Ulfsby.

Fotoet er frå fronten ved Aragon i Spania, 7. november 1938. Foto: Robert Capa © International C / Magnum / NTB scanpix

Det er ein stillferdig dramatikk i bildet, seier Erik Ulfsby om Robert Capas fotografi som har fungert som ei slags rettesnor i arbeidet med Andre verdskrigen - Natt i verda. Teatersjefen har gitt seg ei umogleg oppgåve, nemleg å setje i scene den mest omtala og valdelege hendinga i moderne historie.

- Forteljinga om andre verdskrigen er sett saman av tallause historier. Vi har alle ei historie frå krigen som er vår. Dette fotoet frå den spanske borgarkrigen, har festa ei slik krigshistorie til minnet vårt, og det opnar for mange tolkingar. Er det ein familiefar som har nokre minutt på å formulere sine siste ord? Og er det ein medsoldat eller ein kamerat som har plukka opp pennen for å få dei ned på papiret? Og som veit at han no blir del av det andre dramaet, det som blir utløyst av at notatet kjem til dei den døyande er glad i? Det er mest eit heilt teaterstykke i seg sjølv.

Fotoet talar for seg, men poenget er at den kollektive forteljinga om krigen er oppbygd av fragment. Vi har laga eit landskap av fragment som blir vår forteljing. Fire dramatikarar frå ulike kantar av Europa har skrive på oppdrag frå teatret. Resultatet er blitt ei form for sceniske noveller som møter publikum. Ei oppleving av ei hending som framleis pregar verda og definerer kven vi er. Men vi blandar fakta med fiksjon, vi diktar oss inn i ein mørk epoke i verdshistoria, der det vi seier er like sant som noko anna. For kva er eigentleg sant i den augneblinken som Robert Capa har fanga?