Arvo pärt

Arvo Pärt har nærast skapt ein eigen musikalsk sjanger der det enkle og det reine uttrykkjer det særeigne.

Han har skrive både orkestermusikk og tallause korverk, ofte inspirert av gregoriansk song. Sidan 1970-åra har arbeida hans vore prega av ei svært sterk religiøs forankring. For mange er han best kjend for sine suggererande og minimalistiske verk som gjer at musikken læt både klassisk og moderne på ei og same tid. Det meditative og stillferdige i musikken hans har ein sterk appell og har gjort Pärt til ein av dei mest framgangsrike komponistane i sin sjanger, ikkje minst blant filmskaparar og dokumentarprodusentar. Han har sjølv sagt at han ønskjer at musikken hans skal formidle gleda over kvar einskild note og på den måten uttrykkje den spirituelle krafta som han meiner er musikkens eigentlege hensikt.