Ættestupet

Å eldast var ikkje lettare på Shakespeares tid enn i dag. Regissør Tatu Hämäläinen ønskjer i sin versjon av Lear å ta for seg aldring, og ser stykket som eit bilde på det å bli gammal. Psykolog Sissel Gran skriv sine refleksjonar rundt temaet aldring.

Eg har ei minnebok frå 1958, full av teikningar, vers, rim og råd. - Vær ærlig, snild og grei, så vil alle like deg. Det raraste verset var eigenkomponert av «frøken»:

Min kjære Sissel/ et lite bissel/ på tungen er bra/ sånn nu og da.

Eg hugsar at foreldra mine lo og at eg ikkje forstod kvifor. Eit anna underleg vers var dette:

Når du blir gammel og ingen vil ha deg, så sett deg på taket og la kråka ta deg.

Vi verken likte eller skjønte det, men no som alderen tar fatt i meg, har verset fått meining. Det ligg ein uhyggeleg bodskap i orda. Dei er uttrykk for eit slags ættestup, skam over alderdom, pakka inn i ein munter beskjed. Myten om ættestup – der dei unyttige gamle blei styrta i døden – lever framleis i kulturen vår, sjølv om historikarar avviser at slike tradisjonar fanst i Norden. Antropologiske nedteikningar stadfestar førekomsten av eldredrap i andre kulturar, rituelle drap på sjuke og eldre – eller sjølvdrap, sjølvofring for stammen si skuld. Dei som blei ei byrd, blei ikkje lenger rekna med mellom dei levande. Dei fall ut av fellesskapen og blei skuva ut i randsona. Henta av kråka, dumpa i ura.

King Lear an the fool in the Storm, oljemåleri av William Dyce, ca. 1851.

Dette skjer med Shakespeares Kong Lear. Han er eit maktmenneske som blir forblinda av smisk og manipulering, og på den måten skaper han si eiga ulukke, men han blir også svikta grovt at dei han stoler på. Dei grip sjansen til å kvitte seg med han. Høyr berre kva den eldste dottera, Goneril, seier om far sin: «Gamle tosk, som enno tviheld på den makta han har gitt ifrå seg. No, ved livet mitt, sær gamling blir som barn på ny og får bli tukta hardt når ikkje godord går.» Det kan vere farefullt for gamle å vise at styrken deira glepp, dersom omgjevnadene ventar på eit høve til å gjere dei umyndige. Slik var det i gammal tid, og slik er det no. Shakespeare skreiv Kong Leari 1605/1605. Sidan er mykje forandra, men ikkje opplevinga av tap ved aldring.

I romanen Svartstilla frå 2018 beskriv Susanne Skogstad umyndiggjeringa av ei gammal mor. Dei vaksne borna har ikkje lenger tolmod med henne og vil skuve henne inn på “heimen”. Mora har gått i stå etter at ektemannen døydde, ho er tynn, et lite og greier ikkje å handtere kvardagen, men ho vil ikkje bli flytta på, ho vil vere der ho kjenner at ektemannen framleis er. Men eldstesonen Jon er urokkeleg:

No må du halde opp. Eg synest du burde nytte denne tida til å prøve å gå vidare med livet ditt. Tenkje på noko anna. Komme deg vekk frå huset og alle tinga til far. No får du vere litt sosial, no har du nokon som får deg opp om morgonen, du får være i aktivitet. Eg trur dette vert veldig bra for deg.

Protesten til mora er stille på utsida, men inni henne rasar det.

Eg ser ut vindauget. Ynskjer Jon all sorg og liding i verda i denne augneblinken. Vil sjå han gå i kne. Slik at eg kan stå der og vere herre over skjebnen hans. Slik han er over min.

Eg trur at den staheita og vrangviljen vi ser hos enkelte eldre og gamle nettopp handlar om dette – om protest mot å bli behandla nedlatande, ein gå-sakte-aksjon i møte med infantiliseringa. Vi gløymer kor effektive og nådelause vi vaksne ungar kan bli når rollene blir snudde og vi kan bestemme over mor og far, kva ættestup dei kan oppleve å bli utsette for når dei mistar sjølvstenda si, blir skuva inn på “heimen” eller isolerte i sine eigne heimar med eit minimum av menneskeleg kontakt.

Elisabeth Sand som den godhjarta dottera til Lear, Cordelia, og Gisle Straume som Kong Lear i 1983. Denne gongen har Elisabeth rolla som hertugen av Cornwall, ektemannen til Lears vonde dotter Reagan. Foto: Fritz Solvang.
Gå ikkje mild inn i di gode natt
Høg alder skulle stri når dagen lid
slåst, slåst av trass i lyset som er att.

Desse velkjende orda av Dylan Thomas, gjendikta av Åsmund Bjørnstad, beskriv presist den protesten mange kjenner når dei går over grensa til det vi kallar Den fjerde alder. Då har mange nådd den djupe alderdommen, livsfasen der skrøpelegdom gjer oss avhengige av andre for å kunne leve. Mange kjenner fortviling og gru i møtet med teikn på forfall hos seg sjølv, for med aldring følgjer ofte sjukdom og store eksistensielle forandringar som kan kjennest som eit brutalt åtak, ikkje berre på liv og helse, men på identiteten vår. Protesten har mykje til felles med den smerta som blir uttrykt av den irske poeten William Butler Yeats, som var fødd i 1865. På høgda av suksessen sin, i ein alder av 57 åt, var han full av vreide overfor sin eigen tilstand. Simone de Beauvoir beskriv opplevinga hans av seg sjølv slik i boka Alderdommen: «Jeg er trett og rasende over å være gammel; jeg er alt det jeg var, og enda mer, men en fiende har kneblet meg og vridd meg på en slik måte at jeg kan lage planer og tenke bedre enn noensinne, men ikke lenger utføre det jeg planlegger og tenker.» Han blei 74 år, men var ein resignert mann dei siste 17 åra av livet sitt.

King Lear and Cordelia, oljemåleri av Benjamin West, 1793. Cordelia var dottera som var ærleg, men ikkje følte behov for å erklære sin kjærleik til faren. Dei svikefulle søstrene i bakgrunnen.

Protesten til Yeats er forståeleg, men samstundes farefull. I dag kan vi leve lenge med sjukdomstilstandar som tok livet av forfedrane våre. Gir vi aldringas forfall for mykje merksemd, risikerer vi å setje ein altfor tidleg sluttstrek for livet vårt. Vi kan komme til å gjere det psykolog Mark Freeman kallar a narrative foreclosure, vi lukkar livsforteljinga vår for tidleg og hamnar i eit dødens venterom der det er naturleg å fortape seg i negativ stereotypifisering av seg sjølv; eg er ingenting verd, eg er ubrukeleg, eg er gammal og utlevd. På den måten kan vi komme til å sjå heile livet som verdilaust i retrospekt: Eg har levd forgjeves. Det finst berre ei løysing, skriv Beauvior, vi må halde fram med å forfølgje mål som gir meining til livet vårt, om målet er aldri så beskjedent, og vi må halde fram med å ta omsyn til andre menneske:

Livet har verdi i den grad man gir verdi til andre, gjennom kjærlighet, vennskap, indignasjon og medynk.

Ho har rett. Det er maktpåliggande å vere opptatt av noko anna enn seg sjølv, det gjeld i alle fasar av livet.

Kong Lear sitt fall kjem av grådigskapen og manipuleringa til andre, men også av hans fatalt dårlege dømmekraft og manglande evne til å ta vare på forholdet til borna sine. Vi haustar som vi sår. Har vi skjøtta relasjonar dårleg, oversett dei som vil oss vel og i staden late oss dåre av smiger og idealisering, går vi fattige ut av livet.

TEKST Psykolog og forfattar Sissel Gran. I fjor kom ho ut med ei bok om aldring: Inni er vi alltid unge.
TIL NYNORSK VED Inger Johanne Sæterbakk HOVUDFOTO Chrisander Brun