Bakgrunnsartikkel

Ervin Kohn: Å leve som jøde i Noreg

Noreg er eit fantastisk land. Det er eit fritt land. Det er eit konfliktfritt land. Det er eit uskuldsreint og naivt land, skriv Ervin Kohn.

Skrive av
Ervin Kohn
Ervin Kohn
Forstandar og styreleiar i Det Mosaiske Trussamfunn.

Menneska er vennlege og imøtekommande. Somme er kanskje litt inneslutta og skeptiske, men hyggjelege når ein blir kjend med dei. Nordmenn kan nok opplevast som lite utettervende sidan dei spør så lite. Det er ikkje kultur for å stille personlege spørsmål. Ikkje berre private, men personlege. Vi har til og med negativt ladde namn på slike som stiller spørsmål. Vi kallar dei nysgjerrigper.

Noreg i dag er ikkje som det ein gong var. Noreg i dag er ikkje det Noreg var i 1800, 1814, 1851 eller 1920. Heller ikkje 1930 eller 1942 for den saks skyld.

Eg kom til Noreg i 1960. Då var også Noreg annleis. Folk snudde seg etter ein neger i gatene. Vi sa neger den gongen. Eg var 5 år i 1960 og voks opp i Oslo på 60- og 70-talet. Ila Skole, Grorud Skole, Groruddalen Ungdomsskole og Oslo Handelsgym. Deretter bar det rett opp til Setermoen etter rekruttskole på Sessvollmoen. Lagførar for geværlag. 2 månader i knappetelt.

I min oppvekst var det heilt utenkjeleg å høyre jøde brukt som skjellsord i skolegarden. Eg er fødd i Budapest i det kommunistiske Ungarn. Det antisemittiske Ungarn. Büdös zsidó er noko eg hugsar frå eg var barn i Ungarn. Det betyr skiten/illeluktande jøde. Eg er barn av to traumatiserte Holocaust-overlevande. Å få komme til Noreg var befriande. Jamvel for ein 5-åring. I Noreg kan ein seie kva ein vil. Det er kanskje derfor vi ikkje har den tøffe satiren ein finn i den gamle Austblokka. I Noreg kan ein mene kva ein vil. Ein kan reise dit ein vil. Noreg er eit fritt land. I Noreg er ein så van til fridom, tek han nærmast for gitt, at dei fleste trur at fred er det viktigaste. Men fred er ei det beste. Ein tenkjer ikkje på at mange kjempar, og er reie til å døy, for fridom.

Den jødiske minoriteten er ein ”profesjonell” minoritet. Vi har vore minoritet i to tusen år.

Dette har vi kompetanse på. Kva er den viktigaste lærdommen? Dersom ein skal vere ein aktiv deltakar i storsamfunnet, må ein beherske språket. I det jødiske miljøet i Oslo var det flautt å snakke gebrokke norsk. Den nest viktigaste lærdommen er å skilje seg ut minst mogleg. Namn er viktig. Det jødiske namnet mitt er Chajim Eliezer. Her er det til og med ein halslyd som ein ikkje har i Europa. Derfor fekk jeg namnet Ervin. Dette er eit heilt vanleg ungarsk namn. (tyskarane skriv det med w). Vi flytta til Grorud då eg gjekk i 3. klasse. Eg hugsar godt at far blei med meg på skolen for å introdusere meg. Han fortalde klassa at eg heitte Ervin, men at dei godt kunne kalle meg for Eivind (han trudde det ville vere lettare). Klassekameratane mine syntest dette var rart. Heitte han ikkje Ervin då? Kvifor skulle vi kalle han noko anna enn det han heiter?

Når du høyrer meg prise Noreg som det lova landet, kan du lett få det inntrykket at det ikkje finst problem.

Det gjer det sjølvsagt, men det er også rett å setje dei i perspektiv. Som det meste er problem også relative. For meg som er liberal i min jødiske praksis, er det få problem. For meg som kjem frå det kommunistiske Ungarn med holocaust-overlevande foreldre, er det få problem. For meg som ikkje kjem med ein majoritetskultur i bagasjen, er det få problem.

Men Noreg har framleis ein lov som forbyr jødar å slakte på jødars vis, slik at dei som held koscher, må importere alt kjøttet dei et. Jamvel om det blir gitt dispensasjon på kulturelt grunnlag for både jakt og for samar, så får ikkje jødar unntak på kulturelt grunnlag, endå omfanget relativt sett er mikroskopisk. Regelverket for norsk skole og arbeidsliv tillet to fridagar i samband med andre heilagdagar enn dei kristne. Dette strekk ikkje på langt nær til.

Toleranse er eit heidersord i Noreg. Vi vil gjerne sjå på Noreg som eit tolerant samfunn. Men kva vil det seie? Toleranse vil seie å akseptere at andre er annleis. Eit tolerant samfunn må til ein viss grad også leggje til rette for det og dei som er annleis. Du skal ikkje vere veldig annleis før det blir oppfatta som problematisk for ”folk flest”. Her er vi inne på forskjellen mellom integrasjon og assimilasjon.

Vil vi integrere etniske minoritetar, eller vil vi at dei skal la seg assimilere? Dersom dei let seg assimilere, så viskar de ut si eigenart, og storsamfunnet har ingen problem med dei. For at vi skal integrere dei, må storsamfunnet akseptere at dei tek var på si eigenart.

Vi må då leggje til rette for dette. Er vi klare til å leggje til rette for jødar som følgjer heilagdagsreglane? Kjenner vi til dei? Det er sjølvsagt lettare no når mest alle har laurdagsfri. At Noreg er blitt så sekularisert, gjer ikkje integrasjon noko lettare.

Eg er nordmann. Eg hugsar enno kor stort det var, endå eg var liten gut, då eg fekk det raude norske passet (framandpasset var blått).

Eg er etnisk nordmann. Eg er ein nordmann med jødisk etnisitet, ein bindestreksnordmann. Eg kjenner meg som norsk.

Ein sjeldan gong opplever eg at andre stiller uuttala spørsmål ved norskdommen min. «Feirar du ikkje jul? Men eg trudde du var norsk?» «Ja, men eg feirar 17. mai.» Det gjer saka straks litt betre. Etnisk norske kan trø feil. Som regel er det ikkje vond vilje, men litt manglande kunnskapar eller tankeløyse. Det er mange som ser på jula som ei norsk høgtid og ikkje ei kristen høgtid. Alle i Noreg ønskjer kvarandre god jul og godt nytt år. I andre land, som er multietniske, er det ganske vanleg å ønskje kvarandre «Happy Holidays». Litt meir inkluderande kanskje.

Noreg er eit godt land å bu i. Nordmenn er snille. Vi ønskjer å vere snille og gjere rette ting og gjere ting rett. Vi nordmenn blir stadig meir internasjonale og lærer stadig meir. Vi blir rett og slett knytte stadig nærmare til resten av verda. Det er frigjerande når nokon stiller meg spørsmål. Spørsmål er ufarlege. Spørsmål viser interesse. Korleis skal du elles vise at du bryr deg om andre? Kva den andre føler og tenkjer? La oss få bukt med mytar og fordommar. Den beste måten å gjere det på er å bli flinkare til å stille spørsmål. La oss bli eit litt meir nysgjerrig folkeferd. Og hugs: Å beherske språket er viktig for alle, ikkje berre for ein innvandrar. Det heiter: Å setje spørjeteikn, å spørje og å stille spørsmål.

Teksten er skrive i 2011.