Religion, kulturhistorie og reisereportasje, varmt, dyktig og nakent
Informativt, levende og dypt vesentlig
Opplev Svein Tindberg i hans siste framsyning som fast tilsett skodespelar, når han for 350 gong manar til forsoning mellom dei tre verdsreligionane; jødedom, islam og kristendom.
Tindberg har i over 20 år arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. I Abrahams barn framhevar han dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Det Norske Teatret trur tida ikkje er over for å finne saman i interessa for kulturkonfliktar, parallellar, for dei lange tankerekkjene og for ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Svein Tindbergs forteljarkunst har gitt meir enn 100.000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.
Tre religionar - ei bok
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne.