Alle barn er heltar

Heidi Ruud Ellingsen har i løpet av dei siste åra spelt fleire sterke jenteroller for barn på Det Norske Teatret, sist i Tonje Glimmerdal. Sjølv karakteriserer ho det å spele for barn som noko av det viktigaste og mest sårbare ho gjer. – Barn er eit utruleg ærleg publikum! Det kjennes med ein gong viss

Heidi Ruud Ellingsen har eit godt handlag med både det å spele barn og spele for barn. No har ho hovudrolla i Rytmar frå verdsrommet. Foto: Siren Høyland Sæter.

Heidi Ruud Ellingsen har i løpet av dei siste åra spelt fleire sterke jenteroller for barn på Det Norske Teatret, sist i Tonje Glimmerdal. Sjølv karakteriserer ho det å spele for barn som noko av det viktigaste og mest sårbare ho gjer.

- Barn er eit utruleg ærleg publikum! Det kjennes med ein gong viss ein ikkje får det til. Ekstra utfordrande er det å skulle framstille ein 10-åring når dei som skal sjå på sjølv er 10 år, og eg er 29. Eg har opplevd at ungar blir heilt sjokkerte når dei høyrer at eg eigentleg er ei vaksen dame. Det tar eg som eit godt teikn!
- Den suverene helten er uinteressant. Alle har eit sårt punkt – sjølv Superman! Mot og redsle heng dessutan tett saman
Korleis går du fram for å få det til?

- Eg brukar mykje tid på det fysiske språket. Det fell meg lettare å jobbe fysisk enn verbalt, og barn er mykje meir opne og avslappa i kroppen enn vi vaksne. Barnerollene har dessutan lært meg å tørre å gå lenger med intuitive impulsar.

Tar du denne lærdommen med deg ut i den verkelege verda også?

- Eg trur absolutt det har påverka meg privat. Vi vaksne har så lett for å sensurere oss sjølv. Ungar har ei anarkistisk, kompromisslaus evne til å stå for det dei trur på. Det er beundringsverdig.

Heidi som 10 år gamle Tonje i framsyninga om Tonje Glimmerdal. Foto: Erik Avatsmark

Heidi fortel at ho er opptatt av at sjølv heltinner gret ein gong i mellom.

- Den suverene helten er uinteressant. Alle har eit sårt punkt – sjølv Superman! Mot og redsle heng dessutan tett saman. Det er jo først når ein trosser redsla at ein er modig. I mine auge er alle barn superheltar.

Som skodespelar kjempar Heidi med nebb og klør mot kjønnsstereotypiane. Ho fortel at ho ofte merkar ei forventning om at jenter skal vere snille og forsiktige.

- Eg er veldig opptatt av at karakterane skal nå ut til både gutar og jenter, og kjenner feministen i meg vakne viss eg høyrer karakteren omtalt som «søt» og «uskuldig». Eg meiner kjønnsstereotypiar i barnelitteraturen er ei fornærming mot både gutar og jenter. Barn er da like unike og komplekse individ som vaksne!

Heidi som Mary Lennox i Den Hemmelege Hagen i 2010. Foto: LP Lorentzen

Korleis er MikkMikk i forhold til dei andre to karakterane du har jobba med dei siste åra?

- Den største forskjellen er at MikkMikk lever i eit samfunn som er veldig annleis enn samfunnet rundt Tonje Glimmerdal eller Mary Lennox i Den hemmelege hagen. Men utfordringane dei står framfor er om ikkje like, så i alle fall i slekt; alle tre prøver å hjelpe vaksne som har låst seg fast i ei sorg eller ein måte å tenkje på som er i ferd med å øydelegge liva deira. Oppgåva MikkMikk prøver å løyse er enormt stor: saman med trommonauten Peik prøver ho å redde verda frå ein asteroide. Samstundes oppnår ho også å sprenge eit veldig strengt byråkratisk system som kontrollerer menneska i altfor høg grad.

Alle tre barneframsyningane Heidi har spelt i dei siste åra har vore urpremierar, og Heidi fortel at ho set stor pris på å jobbe med nye tekstar.

- Det gir ein eigen fridom å jobbe med noko som er nytt. Det er noko heilt anna å jobbe med Ronja eller Pippi som er så tydeleg forma frå før både i film og teater. Kanskje vil nokon av karakterane eg har jobba med bli nye klassikarar for barn? Eg håpar det!

Tekst: Ingrid Weme Nilsen.