Bakgrunnsartikkel

Hallvard holmen – aktuell som hevnaren

Det blir ei slags underfundig, melankolsk rock´n´roll-oppleving med seks mann sterkt band på scenen.

Eg vil kalle det ein teaterkonsert. Handlinga er eit skråblikk på livet og korleis det kan vere. Ulike personar og lagnader kryssar kvarandre. Tittelen er ei verselinje, eit slags rop om hjelp til å fikse sorga, kjærleiken – sjølve livet. Men det er inga hjelp å få. Alle slit med sitt, men må fikse det sjølve.

Som all god kunst er dette noko alle kan kjenne seg att i. Stein Torleif Bjellas poetiske, men konkrete betraktningar om livet er noko heilt spesielt. Musikken og tekstane er varme, humoristiske og kloke. Bjella nyttar bygda og folka som bur der som motiv for å seie noko allment. Når det kjem til stykket, bur det jo veldig mange også i Oslo med bakgrunn frå Bygde-Noreg. Byen er ikkje så veldig urban.

Hevnaren er i djup sorg fordi kjærleiken har gått sund. Han og kona Sorgfrid har mista eit barn og har glide frå kvarandre. Ho har grave seg ned i sorga, mens han har blitt forbanna på alt og alle. Han prøver å gå vidare på sitt vis. Hans måte å takle sorga på, er å hemne seg på samfunnet ved å hamstre og skaffe seg ting. Han vil ha henne tilbake, ho vil dra ifrå alt.

Han står på gyngande grunn og må heile tida skape eit breiare fundament for å halde balansen. Jordsjuk, er tittelen på ein av låtane. I vår framsyning tyder ordet «jordsjuk», både sorga over å ha lagt det kjæraste han eig i jorda, og den styrlause trongen etter å kare til seg eigedom, jord.

Det å opne blikket, sjå deg sjølv gjennom andre og sjå at du ikkje er aleine, det trur eg på. Det positive i mennesket og fellesskapet. Alt handlar ikkje om deg. Du må forsone deg med livet som det har blitt før du kan gå vidare. Det er det dette Hemnaren må finne ut av.

Fortalt til Åsne Dahl Torp Foto Siren Høyland Sæter Styling Oskar Andreas Pask/Yme/Paleet

Hevnaren og kona Sorgfrid slit med å halde saman etter at barnet deira døydde. Foto: Erik Berg.