– inga klassisk midtlivskrise

Mannen i Fosses Draum om hausten bryt opp frå familien og finn saman med henne han smugkikka på i ungdomen.

Gard skagestad: aktuell som mannen i draum om hausten. .

FORTALD TIL Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter STYLING Oskar Pask/YME/Paléet

Sjølv om alt dette lyder kjent, er eg likevel sikker på at han ikkje er nokon vanleg og gjennomsnittleg mann midt i livet som berre stikk av frå det han har.

Han er kanskje konfliktsky. I alle fall ein grublar som går vekk når ting blir for vanskelege. Og kjenner at han ikkje innfrir forventningane frå dei rundt seg. Og det er nok dei rundt han einige i... Så har han òg ei mor som snakkar ustanseleg, og ein far som er taus. Dei fell inn i vante mønster når dei er saman. Karakterane er lette å kjenne igjen, dialogen er enkel og ganske direkte, sjølv om mykje blir sagt mellom linene.

Klart det er høge forventningar til par-forholdet og familielivet. Både frå samfunnet, partnaren og ein sjølv. Eg har ikkje noko problem med å sjå likskap mellom denne karakteren og den moderne mannen. Men om det nødvendigvis det blir sett for høge forventningar til Mannen, veit eg ikkje. Dei rundt han har nok heilt rett i at han ikkje har vore så til stades. Eg trur han har levd heile livet med kjensla av at han ikkje strekk til. Og han har eit tydeleg tungsinn i seg. Så går han også ofte på kyrkjegarden. Det er her dei treffest, i kjærleik og sorg. Kanskje har vi godt av å sondere litt i det terrenget Fosse skildrar, i ei tid da vi er så sjølvopptatte og har mykje overskot til å kjenne litt for godt etter. Om vi er lykkelege, om vi toler maten, om vi får realisert oss sjølve. Og så gløymer vi kanskje dei lange linene.

Eg likar godt at tidslinja er broten. Det er nesten som om ein ikkje merkar tidsspranga, men likevel er dei utruleg distinkte. Og for meg gir det kjensla av at vi er fortida og notida, heile tida. Tida som går. Livet som går. Livet som er så kort og langt. Eg trur Mannen kjenner mykje på kjensla av det å vere forgjengeleg. Men det er akkurat som om tungsinnet i han ikkje kjem av ei redsle for døden, meir ei frykt for livet - at det er livet som er tungt og som han ikkje meistrar.