Festivalpass Heddadagane

Få mest mogleg ut av Heddadagane med festivalpass!

Dette inngår i passet:

Med festivalpasset kan du sjå alle framsyningar under Heddadagane, både på Det Norske Teatret og ved andre teater (minus Den Norske Opera og ballett). Det gir deg også moglegheit til å bestille gratis akkreditering til fagprogrammet, og billett til Heddaprisutdelinga.

Les heile programmet for Heddadagane her!

Merk at nokre av framsyningane har avgrensa med plassar - så ver tidleg ute med å bestille!

Passet gir 1 fribillett per framsyning under Heddadagane. (Bortsett frå EXTENDED MODE etter ROOM:EXTREME. Her må ein ha eigen billett).

Korleis bruker eg festivalpasset?

* Når ein har kjøpt festivalpasset får ein tilsendt ein rabattkode som er lik på alle spelestadene under festivalen.
* For å nytte koden til billettkjøp på Det Norske Teatrets nettside, må du legge ein billett med ordinærpris i handlekorga, og så taste inn rabattkoden din. Da endrar prisen seg til 0,-
Heddadagane kan svare på meir detaljerte spørsmål rundt passet.

Kor får eg festivalpasset?

I hjelpeskranka til Heddadagane i foajéen under festivalen.