Bakgrunnsartikkel

Jonas Hassen Khemiri vil skape forståing og forvirring

Frankensteins monster inspirerte Jonas Hassen Khemiri til å skrive stykket med den underlege tittelen "≈ Tilnærma lik". Det handlar om eit anna menneskeskapt kraftfenomen: Kapitalen. Om pengars makt over livet vårt.

Skrive av
Carin Ståhlberg
Til norsk ved Arne Torp /Berit Helene Dahl

Vi får følgje nokre personar som er på kollisjonskurs med marknaden. Dei synest å ha problem som er kopla til tal, prosenteiningar og rente. Dei prøver å finne ulike strategiar for å handtere kjensla av at noko er gale, seier Jonas Hassen Khemiri.

Det heile er litt komisk. Vi har avtala møte for å prate om stykket – om korleis pengar påverkar livet vårt – på ein kafé som viser seg å liggje på Sedelvägen. I kvartalet Valutan.
– Ja, alt er symbolsk, det er eit økonomikvartal, og der ligg Sparbanksvägen, seier Jonas Hassen Khemiri, nikkar i ei retning og smiler litt bakom solbrillene.
– Om ein først tek til å tenkje på kva tal faktisk kan styre, så dukkar dei opp over alt. Han kjem med døme:
– Vi investerer i eit forhold, stemmer med ein stemmesetel...
At det vart ei forteljing om menneskes kamp i ein kvardag styrt av marknaden, kjem av at Jonas Hassen Khemiri fekk ein førespurnad frå Dramaten om å skrive noko om Frankensteins monster, skapt av menneske, men som dei mistar kontrollen over.
– Eg gjekk heim og las Mary Shelleys bok – det er ein fantastisk roman, superheftig – og tok til å tenkje på menneskeskapte fenomen som ein mistar kontrollen over. Tankane gjekk frå monster til økonomi, til robothandel og til kva som eigentleg hender når tal invaderer hjernar. Når menneske er omgitt av, men kjenner seg makteslause i møte med sifferverda.

No er den økonomiske sfæren ikkje ukjend mark for Jonas Hassen Khemiri. Han har gått på Handelshögskolan i Stockholm i to og eit halvt år, men hoppa av i samband med at debutromanen hans, Ett öga rött, kom ut.
– Å gå der var ei svært god førebuing for å kunne skape fiksjon. I mangt og mykje var det dét ein gjorde der. Den verda byggjer på ei mengd grunnføresetnader som er svært vanskelege å gi noko røynleg bevis for: om den menneskelege naturen og den påståtte rasjonaliteten, for eksempel.
– Da eg søkte meg til handelshøgskolen, tenkte eg omtrent slik: Pengar er kopla til makt, og eg er nyfiken på makt. Så eg studerte noko eg mislikte, men framleis er svært fascinert av. Kva gjer kapitalen med oss? Det var verkeleg ei verd der rentesatsar, valuta og tal vart besjela. Dei var verkelegare enn Gud.
Pengar er ikkje berre kopla til makt, men også til klasse, ikkje sant?
– Pengar kan vere ei rulletrapp opp til overklassa, men dei kan også bli marerittet om ein blir kasta nedover i hierarkiet, konstaterer Jonas Hassen Khemiri.
Eg spør han om hans eige tilhøve til pengar. Ville han likt å vere økonomisk uavhengig, ja rett og slett rik? Han svarar at han har ei grunnleggjande uro.
– Det går kanskje bra no, men kven veit kva som skjer om eit par veker? Pengar har aldri vore den største drivkrafta for meg; i så fall hadde eg framleis gått på handelshøgskolen. Men eg kjem aldri til å fordømme menneske som blir drivne av økonomi, for eg veit kor sterk den krafta kan vere. Draumen om å konsumere seg fri.

I stykket ≈ Tilnærma lik kjempar ei gruppe menneske med det økonomiske systemet. Éin vil knuse det, ein annan vil hemne seg på det, ein tredje vil gjere karriere innanfor det og ein fjerde komme seg ut av det.
– Alle personane er delar av meg; eg er også invadert av tal. Eg trur ikkje det er mogeleg å leve i vår tid utan å ha eit forhold til tal. Det erogså fasinerande at det er så ekstremt vanskeleg å stille seg utanfor systemet.
Tittelen ≈ Tilnærma lik viser til – ja, kva da?
– Mange menneske investerer mykje av sine sjølv- og verdsbilete i trua på at verda også er lik. At vi er like mykje verde, har like store sjansar og same føresetnader. At debet til slutt blir kredit. Dette stykket forsøker å bruke dette tilnærma lik-teiknet – ≈ – og vise kor mykjer som er tilnærma likt.

Etter den kritikarroste boka Ett öga rött har Jonas Hassen Khemiri skrive to romanar og fem teaterstykke, mellom anna Apatiska för nybörjare og Jag ringer mina bröder, som hadde premiere i 2013. Det sistnemnde var til å begynne med ein kronikk i Dagens Nyheter og vart skrive etter bombeåtaket på Drottninggatan i Stockholm i desember 2010. Fleire av bøkene og teaterstykka hans er dessutan omsette og blir spela i utlandet.
Kor nøye er du når det gjeld at ein skal følgje manusa dine?
– Eg brukar vere nøye med den første premieren. Korleis dei blir spela i utlandet, har eg ikkje kontroll over, og ein blir herda. Det er bra for egoet å bli mint på at teksten ikkje er min lenger. Tyske regissørar brukar vere ekstra flinke til å minne ein på det. Da Jag ringer mina bröder blei sett opp i New York var han der og følgde arbeidet i ein månad.
– Det var spennande å sjå kva som hende med den teksten i New York. Folk i New York har jo eit komplisert forhold til trugsmål utanfrå, seier han.
Jonas Hassen Khemiris tekstar har ein musikalitet, ein rytme, dei er, meiner han sjølv, røystbundne.
– Alt som eg har produsert, har eg lese høgt minst éin gong. Øyret er smartare enn hjernen. Øyret veit kva som skal bort, kva for ord som er overtydelege.
Og kva skjer med denne rytmen ved omsetjingar?
– Ein må ha ein omsetjar som likar å danse. Rytme og humor er viktig. Da har det fungert best, når omsetjaren forstår kva eg har vilja gjere og deretter våga å vere litt fri. Og det seier eg, som er den verste kontrollfriken i verda.
Forteljingane hans består oftast av fragment, røyster, og han likar å endre perspektiv. Det heile får ein slags kaleidoskopisk effekt, med humor som eit fast innslag.
– Humor er eit effektivt middel for å sukre medisinen. Humor er viktig, men for meg handlar det også om ærlegdom.
Eg opplever livet som djupt tragikomisk. Det er så motbydeleg og så komisk, og oftast skiftar det raskt.
Slik ser eg livet, seier han roleg, og legg til:
– Men humor har ingen verdi i seg sjølv. Han kan derimot brukast som flukt frå ein livssituasjon som kjennest for trong, avgrensa, farleg eller makteslaus. Det er ein... sikkerheitsventil.

Nokre dagar før vi møttest der på kaféen, har eg sett ei prøve på stykket ≈ Tilnærma lik, kjappe scener, raske identitetsbyte, situasjonskomikk, attkjennande, varmt og skarpt på ein gong. Her anar vi ei forståing både for den arbeidssøkjande rollefiguren som kjem til arbeidsformidlinga og verkeleg vil ha ein jobb, og for den utslitne arbeidsformidlaren som ikkje har noko å tilby.
Denne forståinga for ulike menneske, kor viktig er det for deg å vise eller formidle den?
– Det er min måte for å framstille korleis eg ser på verda. Eg har alltid hatt forakt for mi eiga evne til forståing. Det har gjort meg statisk. Eg forstår den og den og den og den...
Det kan kanskje kallast empati?
– Ja visst, forståinga kan bli ei handlingslamming. Men det ein kjenner skam for, kan ein leggje inn i skrivinga; det dukkar opp der. Når ein skriv, avslører ein mykje meir av seg sjølv enn ein forstår.
Han funderer ei kort stund.
– På same vis som tal spelar ei stor rolle for menneska i stykket mitt, så spelar bokstavane ei stor rolle for meg.
Bokstavane har blitt eit system som eg har hengt verkelegheita mi på. Som iblant har gitt meg stor tilfredsstilling – ja, ei kjensle av å vere udøyeleg – men stundom også fått meg til å kjenne meg framandgjord for verda. Gjennom å skrive teaterstykke, dramatikk eller debattartiklar (som Bästa Beatrice, retta til justisminister Beatrice Ask og publisert i Dagens Nyheter) kan Jonas Hassen Khemiri kople seg opp mot verda utanfor. Romanskrivinga kan vere isolerande. Må vere det i periodar. Isolasjon eller i alle fall einsemd er også eit tema i forfattarskapen hans.

Føler du sjølv at du står utanfor, trass i at du har hatt framgang og blitt kjend?
– Det er litt vanskeleg å svare på. Det som går att i alt eg har skrive, er korleis enkeltindivid kjem på kant med kollektivet. Korleis dei prøver å forstå rolla si i ein kollektiv fellesskap. Det kan eg verkeleg kjenne att hos meg sjølv. Gjennom heile livet har eg vore skeptisk til grupper. Eg har ikkje vore så flink til å vere med i grupper. Dette er med i det nye stykket: Menneske som blir dregne til fellesskap, men seinare trekkjer seg ut.
Det står i programerklæringa til stykket ditt at de «vil gi publikum maksimal underhaldningsverdi pr. investerte krone».
– Underhalde… njaaa. Om eg har noko mål, så er det å skape forståing og forvirre på same tid. Forståing for personane og personleg forvirring for eigne fjellsikre meiningar. Dei som et lunsj på den vesle kafeen der vi sit, held på å bli ferdige. Maten er oppeten, på tide å betale, pengar skifter eigar. Sola steikjer nådelaust vidare.
Har du sjølv fått bra utteljing for den tida du har investert i teaterstykket ditt?
– Hahaha. Kjempeinteressant spørsmål. Som i alle morosame prosjekt er ikkje timebetalinga så høg, men det er eit godt teikn. Det betyr at eg hadde det moro da eg brukte åtte veker på å lese dystopiske økonomibloggar om gjeldsbobla.
– Nei, men eg står i den utruleg privilegerte situasjonen at eg kan leve av skrivinga mi. Det drøymde eg om da eg slutta på handelshøgskolen, og det kan eg gjere no når eg sit akkurat her på Sedelvägen i kvartalet Valutan, seier Jonas Hassen Khemiri.

Jonas hassen khemiri

FØDD 1978
YRKE Forfattar, dramatikar. Har gått på handelshøgskolen og studert litteraturvitskap på universitetet.
BUR I Stockholm
HAR OGSÅ SKRIVE Ett öga rött (2003, debut), Montecore. En unik tiger (2006), Invasion! (2009), Jag ringer mina bröder (2012 ), Vi som är hundra (2012) og Apatiska för nybörjare (2013).

Raske svar

Dette ville du aldri investere i: Mitt ego.
Om eg seier økonomi? Maktkamp, prosent, grafar.
Valuta? Hjernegymnastikk.
Kvittering? Vitnemål.
Ektepakt? Sorg.

Teksten vart første gong trykt 18. september 2014 i Dagens Nyheter i samband med den svenske urpremieren. Teksten er redigert.

FOTO Meli Petersson Ellafi / DN / TT / NTB SCANPIX