Berekraft

På Det Norske Teatret jobbar vi målretta for å opne teateret for fleire. Vi dyrkar fellesskap og mangfald og jobbar systematisk for å redusere miljøavtrykket vårt. Som medlem i den europeiske teaterorganisasjonen ETC jobbar vi for at berekraft skal bli ein integrert del av sceneproduksjon, drift og avgjerdsprosessar.

Miljøarbeidet vårt er forankra i fem av FNs berekraftsmål:

  • Mål 3: God helse og livskvalitet
    Vi skaper trygge og inkluderande arenaer for publikum og tilsette, og legg til rette for eit godt arbeidsmiljø.
  • Mål 10: Mindre ulikskap
    Vi fremmer mangfald og jobbar for like moglegheiter for alle.
  • Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
    Framsyningane våre bidrar til eit levande bymiljø og skapar rom for møte mellom menneske.
  • Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon
    Vi gjenbrukar scenografi, kostymer og materialar, og reduserer avfall i produksjonane våre.
  • Mål 13: Stoppe klimaendringane
    Vi reduserer klimaavtrykket vårt gjennom energieffektivitet og miljøvenlege val.

Har du innspel til berekraftarbeidet vårt?

Send oss ein melding på hei@detnorsketeatret.no

Vi er sertifisert Miljøfyrtårn.