Han veit det er det gull han har mellom hendene. Oliver Lovrenskis debutroman Da vi var yngre fekk panegyriske kritikkar over heile fjøla, tok litteraturpublikumet med storm og håva inn både Brageprisen og Bokhandlerprisen i 2023. No skal Hennie lage teater av boka. Hovudrolla som Ivor skal bli spelt av artisten Jonas Benyoub. Forventningane er høge, sjølv om oppgåva er litt ukjent. Men miljøet det handlar om, kjenner regissøren godt. Da han voks opp på Lambertseter i Oslo på 90-talet, var han del av eit ungdomsmiljø som minner om det Lovrenski har vakse opp i, og som han skriv om i romanen. Der var rus, dopsal og vald ein del av kvardagen.
Meir enn kriminelle
- Det er likevel denne kulturen som ligg hjartet mitt nærast. Dette var oppveksten min. Det er folk utanfrå som kallar det eit kriminelt miljø. Alt gjekk føre seg her – forelskingar, vennskap og hjartesorg, forklarar regissøren engasjert.
- Kriminalitet og rus er dessverre ein del av verda, slik desse ungdomane kjenner den.
- Det er likevel denne kulturen som ligg hjartet mitt nærast.
Det går fort når Aksel Hennie pratar. Dette er noko han brenn for. Vi snakkar om ungdom som i mange omsyn har falle utanfor i samfunnet. Det er dette miljøet dei er heime i, forklarar han. Først i vaksen alder skjønte han sjølv at vald ikkje var ein del av ein normal kvardag, og at ikkje alle slost. For han var det heilt absurd.
- Men vi må elske desse kidsa. Trass i dei aspekta vi ikkje kan godta, seier han instendig.
- Om vi berre avfeiar desse ungdomane som utelukkande kriminelle, slår vi også handa av det som er identiteten deira. Alt er ikkje berre negativt. Vi skal sjølvsagt ikkje godta dei ulovlege aspekta, men vi må skilje snørr og bartar. Vi må ta tak i problema og sjå det som faktisk er positivt, meiner regissøren, som innrømmer at dette er innfløkt.
Det er ikkje lett å komme med ein kvikk fiks på strukturelle problem som krev innsats både frå politi, skole og nærmiljø.
- Vi må ta tak i problema og sjå det som faktisk er positivt.
Vendepunktet
Aksel skjerpa seg først den dagen han som tenåring blei tatt av politiet for ni tilfelle av tagging, fekk ein betinga fengselsdom og måtte betale ein sekssifra erstatningssum. Deretter blei han suksessrik skodespelar, spesielt kjent for film, filmskapar og reklamemann. Men han har framleis kontakt med nokre av dei gamle kompisane, som ikkje har kome seg ut av krim- og ransmiljøet. Det dei fortel, bekymrar.
- Eg trur ikkje folk er klar over kor alvorleg det er i ferd med å bli.
- Valden er blitt så mykje grovare, og det er farlegare våpen som blir brukte, seier Aksel og tek ein pause.
- Eg trur ikkje folk er klar over kor alvorleg det er i ferd med å bli. Dette er ikkje tull, held han fram med tyngd.
- Men er jo likevel veldig glad i min del av byen, seier han.
Gatespråk
Det var ikkje berre miljøskildringane som gjorde at Lovrenskis roman fekk slik gjennomslag da ho kom ut i 2023. Det var også språket, som var sjølve lyden frå smuga rundt Vaterlandsbrua, asfalt og gatehjørne. Eit språk farga av det nye Oslo og alle som av ulike grunnar har kome frå ulike verdshjørne slått seg ned her.
- Eg var del av den første generasjonen som snakka dette språket.
- Eg var del av den første generasjonen som snakka dette språket. Det starta som eit slags hemmeleg stammespråk for å ikkje bli forstått av vaksne og autoritetspersonar, men så har det blitt ein naturleg del av språket for ein heilt generasjon, forklarar Aksel.
Han legg til at han synest det er veldig positivt av Det Norske Teatret løftar fram den nye norsken og ulike sosiolektar.
Ikkje berre mørkt
Til rolla som hovudpersonen Ivor, har han hanka inn rapparen Jonas Benyoub frå Ellingsrud. Også han austkantgut.
- Eg tok ein ringerunde til folk eg kjenner i hiphopmijløet, og alle, utan unntak, nemnde Jonas først.
- Eg kunne ikkje tatt fatt på dette prosjektet utan han.
Aksel slo på tråden, og spurde om Jonas kunne sende ein liten video av seg sjølv.
- Han var heilt skinande! ropar han entusiastisk.
- Nokre gonger, så ser du nokon som har noko heilt eige. Og det har Jonas. Eg kunne ikkje tatt fatt på dette prosjektet utan han, seier regissøren.
Sjølv om Lovrenskis roman er ei ganske brutal skildring av livet til Ivor og kompisane Marco, Arjan og Jonas i gatene rundt Grønland, meiner Aksel Hennie at Da vi var yngre ikkje berre er ei mørk skildring av ungdomsliv. Det handlar også om familie, vennskap og kjærleik. Det er framtidsdraumar og håp om kva som kan bli.
- Det er meir ei kulturskildring enn ei skildring av eit kriminelt miljø, eigentleg, seier han.
- Eg håpar vi med denne framsyninga kan bygge ei bru mellom dei som brukar å gå i teateret og dei som kanskje ikkje har trødd ned dørstokken her før, avsluttar han.
Artikkelen er publisert
Toppfoto: Hallgeir Vågenes, VG/NTB.