Bakgrunnsartikkel

VG-lista - ei personleg reise

VG-lista, berre ordet bringar fram minne frå barndommen min i 70- og 80-åra, da papiraviser var den einaste informasjonen om kva som skjedde der ute i verda, forutan NRK radio.

Skrive av
Thomas Felberg
Thomas Felberg
Rockemusikar og programleiar

Eg har følgt med på VG-lista heilt sidan eg lærte å lese som 7-åring i 1979. Stefaren min jobba i VG og aviser var ein dagleg affære i heimen min. Alle norske aviser blei lesne heime hos oss kvar einaste dag. Eg begynte å interessere meg for musikk og rock allereie som 6-åring i 1978 og eg las, og les, alltid papiraviser bakfrå og begynner med kultur- og musikkstoff.

Fram til strøyming tok over for det store fysiske salet i første halvdel av 00-talet, var VG-lista eit svært viktig barometer for kva som fysisk blei seld over disk. Og folk las VG-lista og drog og kjøpte platene som var populære der. Men kor sann var VG-lista? Sidan VG-lista var basert på salsrapportar frå butikkar og kva dei rapporterte så var det alltid ope for ein viss manipulasjon.

«Får vi lov å presentere: VGs platebarometer «Ti på topp», det første nøytale platebarometer i Norge, fra i dag en institusjon i Verdens Gang. Som landets eneste avis bringer vi hver onsdag et landsbarometer over de ti mest solgte grammofonplater – velkommen som leser.» Faksimile frå den første VG-lista, som den gongen hadde namnet «Ti på topp», 16. oktober 1958.

Det var ikkje uvanleg med såkalla «street teams» der plateselskap og management sende unge folk rundt med pengar i lomma for å kjøpe opp platene til visse artistar for å få dei på VG-lista. Når først ei plate var etablert der så spann ofte salet vidare av seg sjølv basert på den første hypen som var etablert. Det må seiast at musikken måtte også vere bra. Men for å få merksemd og synast i ein jungel av musikkutgivingar frå inn- og utland var dette eit grep som var enkelt å gjennomføre og vanskeleg å spore og bevise.

Det heile starta i 1958 med Noregs første offisielle liste over singelsal. Det var også album å få kjøpt da, men dei blei ikkje rekna som salsvennlege nok før i 1967, da albumlista blei etablert. Ganske utruleg i dag å tenke på at dei første albumutgivingane til The Beatles og The Rolling Stones ikkje var anerkjente for sal på nokon lister i Noreg. Men frå januar 1967 og vidare var albumlista eit barometer for kva folk i Noreg likte å høyre på og kjøpe når det gjaldt fullengder plateutgivingar.

Vi tenker i dag at VG-lista er berre for dei kommersielle, men i løpet av 56 år med albumlister har dei fleste kredible store og fleire små rockeband og artistar vore innom. Som alltid var VG-lista ei god blanding av lettfatteleg ephemera og novelty, med tidas listepop og hitar blanda med tunge kulturaktørar og i dag musikklegender som har vore med å skape den felles kultur- og musikkarven vår.

Men den gylne nummer ein-spotten var ikkje alle unnt. Dit var det berre dei største og mest kommersielle som nådde.

Eg er også audmjukt med i statistikken for nummer ein-plasseringar på VG-lista. Med bandet eg spelte i WE så debuterte vi på nummer ein på VG-lista i september 2004 med plata «Smugglers» som også vann Spellemannpris det året for beste rockealbum 2004, og også Alarmpris for beste rockeplate og beste livegruppe det året. Alt skjedde på ein gong for WE etter mange års jobbing og plateutgivingar heilt tilbake til 1994. Så det føltest godt for oss i WE å få suksess når den først kom.

WE og «Smugglers»-plata heldt rettnok berre førsteplassen på VG-lista ei veke i september 2004, vippa ned som vi/WE blei veka etter av Nick Cave & The Bad Seeds med «Abbatoir blues/The lyre of Orfeus» som gjekk rett til topps. WE og «Smugglers» hadde igjen veka før det vippa Motörpsycho og deira «The International Tussler Society» av førsteplassen og Nick Cave måtte også gi tapt som nummer ein veka etter det for Mark Knopfler sin «Shangri-La», som igjen blei skyvd av toppen av R.E.M. sin «Around the sun» som styrkte R.E.M. sin popularitet i Noreg med å halde seg øvst i to veker.

Kampen om trona: Thomas Felberg og bandet WE var inne på førsteplassen på VG-lista 21. september 2004, etter å ha vippa Motörpsycho ned. Det varte berre ei veke. Neste liste hadde Nick Cave på topp, og veka etter der igjen Mark Knopfler. Faksimile frå VG 21.9.04.

Så kom Thomas Dybdal og feia inn på einartrona med sin «One day you’ll dance for me, New York». Men så kom Bjørn Eidsvåg og drog opp til toppetasjen på VG-lista med plata «En vakker dag». Ingen over Bjørn Eidsvåg i Norge i 2004 og han held førsteplassen i fem veker aleine. Det er ikkje før i veke 49, første veka i desember at Bjørn Eidsvåg må rykke ned til nummer to, når U2 gir ut «How to dismantle an atomic bomb». To veker klarer U2 seg øvst på nummer ein, før Bjørn Eidsvåg igjen snik seg opp til topps igjen og held seg der igjennom jula 2004, som den store musikalske julegåva til Noreg og dei tusen juletrea det året. Som de skjønner så gjekk det slag i slag på VG-lista hausten 2004. Og det var moro å vere ein del av nummer ein-statistikken for VG-lista akkurat da. Men kor blei det av millionane??

Største minne frå å bli nummer ein må vere da Stein Østbø ringde meg personleg måndag ettermiddag før VG-lista kom på trykk. Dette var enda ei tid da papiraviser og fysisk sal over disk av CD-ar gjaldt. Av ein eller annan grunn var eg hos mormora mi på Åsbygda rett utanfor Hønefoss akkurat den dagen og etter ein svært god lunsj, måtte eg på do. Da ringde Stein Østbø for å få reaksjonen min på at WE ikkje berre var lista første gongen på VG-lista nokosinne. Men WE debuterte også på VG-lista på førsteplass. Så mens eg sat på do og gjorde unna dei basiske behova mine, så hadde Stein Østbø og eg ein samtale, og eg blei jo svært glad og følte meg lett på alle måtar etterpå. Så var det å komme seg på turne med WE og hauste suksessen. Noko WE gjorde til fulle i fleire å etterpå. Men for å illustrere korleis musikkbransjen går opp og ned, så når vi skulle gi ut oppfølgaren «Tension & release» nokon år seinare, i 2008, så var timinga feil og interessa for WE hadde falle. Så da var det rett inn på plass 34 på VG-lista og rett ut veka etter. Sånn er det i musikkbransjen og vegen frå himmel til helvete er nokon gonger svært kort, eg snakkar av erfaring.

Thomas Dybdal, Bjørn Eidsvåg og U2 konkurrerte om førsteplassen hausten 2004.

La meg avslutte med å seie at VG-lista har vore Noregs eiga Billboard-liste no gjennom 65 år, sidan singellista blei etablert i 1958. Og som vi kan sjå her så har det kredible og sære vore til stades heile vegen i lag med det folkelege og kommersielle. Populærkultur og moderne musikk er VG-lista på godt og vondt. Sjølv om VG-lista i dag speglar strøyming og digital lytting og ikkje fysisk sal, så vil VG-lista vere eit barometer på norsk smak i mange år framover.

Så kva no? Gå og høyr på noko musikk du liker, da vel, eller oppdag noko nytt. Gå inn på VG-lista eit vilkårleg år, skru volumet til 11 og lytt deg igjennom og finn dine favorittar. Ring typen eller dama og inviter til dans, fest og glede. For det er det det dreier seg om her. Utfalding, leik, lyst og kjærleik…

Om du har lyst til å sjekke VG-lista og album og singellistene der frå dei siste 65 åra, så er det full oversikt over alle lister på denne nettstaden: www.topplista.no.

Timar, dagar, veker, månader og år med statistisk moro ventar deg der. Berre å dykke inn, trekke ned gardinene og bestille pizza heim.