Bakgrunnsartikkel

Utanforskap

Utanforskap er ikkje eit ukjend tema for mange forfattarar.

Ein som særleg fekk kjenne på det å stå utanfor, og som ærleg og skarpt skildra livet i utkanten av fellesskapet, er diktaren Tor Jonsson. I år er det 100 år sidan Jonsson blei fødd, og Det Norske Teatret markerer dette med seks kveldar der tekstane til den folkekjære lyrikaren frå Gudbrandsdalen blir lese. Jonsson kjende på utanforskapen heile sitt liv, og omgrepet «Bygdedyret» kjem frå hans kvasse penn.

Songfuglen

Ein annan forfattar som også skreiv om å kjenne seg på sida av samfunnet, er Jan Roar Leikvoll. Bekmørk tematikk i eit vakkert språk, går igjen i omtalane av litteraturen hans. Leikvoll gjekk dessverre bort alt for tidleg, berre 40 år gamal i 2014, og vi er det første teateret som har dramatisert ein av bøkene hans.

26. august er det premiere på Songfuglen med Frank Kjosås i hovudrolla. Han spelar Jakoba; ein ung gut med ei nydeleg stemme som lever i eit kvinnesamfunn. Popartisten Sandra Kolstad lagar musikken og det er Peer Perez Øian, som i fjor sette Solaris korrigert (tre Heddapris-nominasjonar) av Øyvind Rimbereid i scene, som har regien.

Dagens konkurranse - vinn premierebillettar!

Svar på spørsmålet under, og ver med i trekninga av to billettar til premieren på Songfuglen, 26. august og boka av Roar Leikvoll, gitt ut av Samlaget.

Jakoba, som Frank spelar, må leve i skjul og kle seg ut for ikkje å bli avslørt. Kva må han kle seg ut som? Send inn svaret ditt - vinnarane blir kontakte på epost og publisert på denne sida innan 6. juni!