Framsyninga Sporv og engel er ei historie om eit venskap som ikkje alltid var så enkelt. Marlene Dietrich og Edith Piaf klarte det kunststykket å halde det djupfølte vennskapet og kjærleiksforholdet skjult for den store offentlegheita, trass i det verdsomspennande renommeet.
På Det Norske Teatret står to av ensemblets meir songsterke damer klare til å dykke ned i fellesskapet som desse to delte. Det er eit gripande kapittel i europeisk kulturhistorie med store hits og mindre kjente perler som no skal løftast inn på scenen.




På scenen treff vi Piaf på slutten av 40-talet i det ho forsøker seg på eit gjennombrot i USA. Tilfellet vil at Marlene Dietrich sit i publikum og sørgjer for ein ny start for henne. Ikkje lenge etter ligg heile Amerika for føtene hennar. Og med dette innleier Piaf både eit kort kjærleiksforhold, men også eit livslangt vennskap, med den store, tyske stjerna som rett før andre verdskrigen hadde gjort amerikansk borgar av seg. Dietrich forakta nazismen og opptredde nær frontlinja i Europa for å halde oppe moralen blant amerikanske soldatar under krigen.




Høyr dei mest populære songane til Edith Piaf.
Her kan du lytte til nokre songar med Marlene Dietrich.
Artikkelen er publisert 9. november 2022.
Foto: Eirik Malmo.