
1989
Sidan andre verdskrigen var Europa delt i eit aust og vest. Den kalde krigen prega det politiske landskapet, og i 1961 reiste styremaktene i DDR (Aust-Tyskland) Berlinmuren for å hindre flukt frå regimet. Muren blei eit symbol på eit splitta Europa. Med Berlinmurens fall i 1989 blei håpet om eit samla og forsona Europa for alvor tent.

1996
Norsk presse er veldig oppteken av lengda på kjolen til Storbritannias bidrag i ESC. Gina G framfører «Ooh Aah… Just a little bit» i Oslo, etter at Secret Garden hadde vunne for Noreg året før. Gina G kjem på ein åttandeplass i finalen.
2007
Verka Serduchka med «Dancing Lasha Tumbai» tevlar i ESC for Ukraina. Låta kjem på andreplass. Kritiske røyster hevdar at tittelen på låta kan høyrast ut som «Russia Goodbye», og dermed refererer til oransjerevolusjonen. Etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022, endrar Verka offisielt tittelen på låta til «Dancing Russia Goodbye».


2015
Eurokrisa får store konsekvensar over fleire år i Hellas som har lånt over evne. Konflikten har lenge vore tilspissa mellom Hellas og EU. Ytre venstre-partiet SYRIZA kjem til makta, og finansminister Yanis Varoufakis dreg rundt i Europa for å krevje økonomisk støtte.

2023
Låta «Cha cha cha» er ein fusjon av metal, dance og pop, og er bidraget i ESC frå Finland. Artisten Käärijä, som opptrer i ei grøn, piggete jakke og med rosakledde marionett-dansarar, tek Finland til ein andreplass. Artisten seier at låta handlar om fridom, og at etter nokre piña coladas blir alle gode på dansegolvet.
2024
Artisten Joost Klein seier at låta «Europapa» er ein ode til Europa. Det er bidraget til ESC frå Nederland. Men Klein blir diskvalifisert før finalen på grunn av trugsmål mot ein person i produksjonen. Dette er første gong ei låt blir diska etter at tevlinga har starta, og EBU får kritikk for handsaminga av hendinga.
