Bakgrunnsartikkel

Teaterrommet er mi kyrkje

- I eit intervju eg las nyleg snakka Fosse om litteraturen som tru. At litteraturen er noko ein vel å tru på. Slik ein trur på ein gud. Han var inne på at litteraturen kanskje var hans tru, og det er noko eg kan relatere meg ganske tett til.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Dette seier Miriam Prestøy Lie, som har regissert Jon Fosses siste drama, I svarte skogen inne. Ho har ofte tenkt på teaterrommet som ei slags kyrkje.
- Eg voks sjølv opp i ein kristen heim, og var i kyrkja kvar søndag. Eg hugsar kjensla av å sitje i eit slikt stort rom, der vaksne menneske fortalde eventyr. Historiene handla jo, som i teateret, veldig ofte om livet og døden, seier regissøren.
Ho forstod ikkje alltid det som blei sagt, men ho kjente alvoret i det å tru og fellesskapen i det å lytte.
- Det ligg ei uvurderleg kraft i det. I ei tid som er så prega av korte merksemdvindauge og støy, er desse lyttande fellesskapsromma noko eg set utruleg pris på, seier Prestøy Lie.

- Det å kunne sitje i eit rom med menneske og tru på noko i lag, det er eigentleg det teater er for meg.

- Det å kunne sitje i eit rom med menneske og tru på noko i lag, det er eigentleg det teater er for meg. Og i den trua handsamar vi tema som er heilt eksistensielle, som gjeld oss alle, og ofte har eit stort og fleirtydig tolkingsrom. Som vi alle vil lese forskjellige ting inn i, forklarar regissøren, som synest Fosses tekstar er fulle av slike rom der alle finn ulik innsikt, utifrå eige tankeliv og fantasi.
Teaterrommet som eit slags trusrom er også utgangspunktet for scenografien til scenograf Dagny Drage Kleiva, der publikum sit i ein kross-formasjon.

I scenerommet sit publikum rundt spelestaden, som dannar ein kross i rommet. Foto: Thor Brødreskift.

Ei gåte

- I svarte skogen inne handlar kanskje om ein ung mann som i si einsemd går seg vill i ein skog, med eit ønskje om å døy, eller å finne vegen tilbake til livet, seier Prestøy Lie.
- Men kva slags skog er han i? Er det ein skog med tre, eller eit slags limbo mellom liv og død? Er trea andre menneske han leitar blant, men ikkje når fram til? spør ho.
- Det veit vi ikkje. Fosses tekst er jo veldig underleg. Og morosam! For livet er jo ofte forferdeleg trivielt også. Difor elskar eg dette eldre ekteparet som dukkar opp og leitar etter sonen sin. Dei står kanskje også framfor sin eigen død, men står fast i typisk hakkete småkjekling, slik gamle ektepar ofte gjer. Sånt likar eg.

Intervjuet er publisert 24. august 2023.