Bakgrunnsartikkel

Ei hylling til det enkle livet

Taume P. Dery kjente eit press for å bli noko stort. Noko han ville bli hugsa for. At han måtte bli noko han ikkje var. Dette er utgangspunktet for den ganske speisa framsyninga Psychic.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Da eg var yngre tenkte eg på dei som budde i den same bygda heile livet som veldig kjededelege, seier Taume, som spelar rolla som «Taume» i framsyninga Psychic på Scene 3.

Til vanleg jobbar han i Det Norske Veritas som interaksjonsdesignar, altså jobbar for at brukaropplevinga skal vere best mogleg i ein app eller på ei nettside, til dømes. Ein veldig gjennomsnittleg ni-til-fire-jobb, ifølge han sjølv.
- Mor mi var ganske streng med meg i oppveksten. Ho ville eg skulle prioritere skole. Ikkje vere med i revyen eller gå på festar. Ho kom sjølv til Noreg frå fattige kår, og det viktigaste for henne var at barna hennar skulle få det bra. Med hennar bakgrunn, var det heilt essensielt å ha utdanning, ein trygg og vanleg jobb og økonomisk tryggleik for å få eit godt liv.

Og Taume jobba hardt for å få gode karakterar og komme inn på eit bra studium. Han tok høgare utdanning og landa ein flott jobb som interaksjonsdesignar i Det Norske Veritas.
- Lenge tenkte eg på dette som ikkje bra nok. Men det er det jo!

Trygg base

Likevel kjente interaksjonsdesignaren at han hadde noko anna å by på også. Derfor byrja han med stand up. Fleire gonger i veka kan ein oppleve vitsane hans på små barar og pubar rundt i Oslo. Det har også balla på seg med teaterprosjekt som den kritikarroste framsyninga Sorte gutter gråter ikke i lag med mellom andre Tani Dibasey.

Eg gjer ikkje dette for å komme meg vekk frå den «vanlege» jobben. Den er også ein del av draumen!

No er han her på Det Norske Teatret, og skal bli bortført av nynorske aliens, som vil utsette han for diverse testar. Dei seier han er «Den eine», men karakteren «Taume» skjønar ikkje kva dei meiner.
- Når eg er her på teateret, merkar eg at eg saknar det vanlege kontorlivet mitt litt også. Eg treng begge delar, meiner Taume.

Han har ingen planar om å bli skodespelar eller å drive med stand up på fulltid:
- Det daglege livet gjer at eg har ein base. Eg gjer ikkje dette for å komme meg vekk frå den «vanlege» jobben. Den er også ein del av draumen!

Mor til Taume har også blitt nøgd med sonen sin, og treng ikkje vere så streng lenger.
- Da mamma innsåg at det gjekk bra med meg, så blei ho mykje mykje meir chill, altså. Og no er ho også blitt med i teaterverda!
Taume ler.
Mor hans, Bridget Dery, har rolla som mor til «Taume» i Psychic. Så her er metanivåa mange.
- Det er veldig rart, men utruleg hyggeleg, da, seier Taume.

Heiar på A4-livet

Interaksjonsdesignaren som driv med teater og stand up på si´, har også innsett at dei som blir buande i bygda dei kjem ifrå, ikkje er kjedelege. Eller kanskje nokre av dei er det, men kva så? Dei er glade i det livet dei har, så kvifor skulle han sjå ned på dei?
- Det er dette det handlar om i Psychic. Om å sette pris på det ein har, og ikkje streve for å bli noko ein ikkje er. Det er ikkje verdt prisen. Nei, la oss heller feire det heilt vanlege livet!

Toppfoto: Wictor Madsen