Bakgrunnsartikkel

Svein om framsyninga

Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir.

Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

- Å lage ei sceneforteljing om ein av grunnsteinane i den menneskeskapte kulturen, kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om arbeidet sitt med desse tekstane. - Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god historie, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?