Bakgrunnsartikkel

Svein intervjuar Svein

Gudspartikkelen? Men kva er eigentleg ein gudspartikkel?

Skrive av
Svein Tindberg
Svein Tindberg
Skodespelar og dramatikar

Du kjenner jo songen: I huset bortenfor huset, bortenfor huset til snekker Kvikk? Litt sånn er det i fysikken òg. Det er alltid noko inni, om du skjønner kva eg meiner?

Som ei russisk Babushka-dokke, det er stadig ei mindre inni?

Stemmer. Og akkurat slik er teateret òg. Det går alltid an å å gå lenger inn, komme djupare.

Fysikarar er som skodespelarar, dei vil inn til det inste. Det minste vi klarer å tenke oss er på ein måte atomet, men det er jo noko inni der òg. Etterkvart hamna forskarane på det dei kalla standardmodellen. Den beskriv alle dei minste brikkene som atomet består av.

Men skal du spele teater om atom?
Vent litt no da! Vi veit alle at atomet har kjerne og elektron. Men det er mykje meir. Og ein dag visste forskarane alt. «Så deilig», kunne dei seie til kvarandre, «no har vi forstått». Men så er det altså ein britisk fysikar, Peter Higgs, som kremtar litt og seier: «Men unnskyld meg. Det manglar noko her. Det er ingenting som forklarar masse.»

Masse?
Higgs tenkte som så: Alt rundt oss, stjerner, planetar, oss sjølve, ja alt, ned til den minste partikkelen må ha masse. For om ikkje dei minste byggeklossane har masse vil jo ingenting eigentleg vere til. Men kva skaper masse? Noko uoppdaga må eksistere. Denne siste biten i puslespelet fekk namnet Higgs boson, eller altså Gudspartikkelen. Utan Gudspartikkelen, ingen masse, utan masse, ikkje noko liv.
Og så skjer det. Forskarar over heile verda kastar seg over teorien for å bevise, eller motbevise han. Dei bygger ein enorm tunell under jorda i Sveits og går på underjordisk jakt. Dei leitar i nesten femti år, og her snakkar vi om 2500 forskarar på fulltid og 12000 såkalla «visiting scientist». Er det ikkje vakkert?

Vakkert? Vel …
Jo. Det er det. Så enorm innsats for noko så lite - som kanskje til sjuande og sist ikkje betyr all verda. Det er teater! Vi òg satsar alt, mange års arbeid, full glød og iver - for noko som kanskje blir fem små framsyningar.

Men kva er det med deg og denne Gudspartikkelen?
Eg har vakse opp her. Teateret er heimen min. Eg har vakse opp med fantasi, mytar, poesi, og tru. Men samtidig er eg eit rasjonelt menneske. Eg har enorm beundring for det vitskapens kvinner og menn har gitt oss og lært oss. Eg har alltid følt ein konflikt i meg sjølv mellom legende og bevis. Og så snubla eg ein dag over «Gudspartikkelen». Det var som om det ordet kunne vere svaret på alt eg leita etter - både Gud og rasjonell forklaring.

Så det er vel eigentleg det framsyninga Gudspartikkelen fortel om; mi personlege jakt etter sanning, meining. Finst Gud i fysikken? Eg er gammal. Eg har lov til å stille store spørsmål.